Samfunnsoppdraget vårt
Statens vegvesen skal utvikle gode vegsystem som alle kan bruke, der transporten ikkje fører til alvorleg skade på folk eller miljø.
Statens vegvesen er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet.
Oppdraget vårt er å utvikle og leggje til rette for eit heilskapleg og framtidsretta transportsystem i heile landet, som fremjar framkomelegheit, reduserer transportulykker og bidrar til omstilling til lågutsleppssamfunnet.
Vi skal jobbe for å redusere miljøpåverknaden frå bygging, drift og vedlikehald av vegnettet, og vi skal levere gode tenester gjennom effektiv bruk av offentlege midlar.
Vi har sektoransvar for å følgje opp nasjonale oppgåver for heile vegtransportsystemet. Vegvesenet utøver samfunnsoppdraget vårt gjennom tre roller:
- som byggherre
- som myndigheitsorgan
- som fagorgan
Statens vegvesen sine verdiar
Dette uttrykkjer etaten si rolle som samfunnsbyggjar og -aktør. Vi skal utvikle gode vegsystem som alle kan bruke, der transporten ikkje fører til alvorleg skade på folk eller miljø. Dette bidrar til å oppfylle mål som å utvikle næringslivet, gjere det lettare for folk å delta i samfunnslivet og gi betre livskvalitet.
Arbeidet vårt skal byggje på verdiane profesjonell, framtidsretta og inkluderande.
Statens vegvesen si myndigheit
Oppgåvene våre knytte til myndigheit og forvaltning er heimla i veglova, vegtrafikklova, yrkestransportlova og ITS-lova. Statens vegvesen har myndigheitsansvar innan ITS (intelligente transportsystem) for utvikling av eit framtidsretta heilskapleg vegtransportsystem. På nokre område har vi myndigheit til å vedta forskrifter, og vi fastset normalar for offentleg veg (riksveg, fylkesveg og kommunal veg).
Regjeringa og Stortinget legg dei nasjonale måla for transportpolitikken i Noreg gjennom Nasjonal transportplan (NTP). Nasjonal transportplan prioriterer kva innsatsområde transportpolitikken i Noreg skal konsentrere seg om dei komande tolv åra. Planen blir som regel revidert kvart fjerde år. Statens vegvesen leier koordinerings- og styringsgruppa og koordinerer mange av oppdraga i NTP. Stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan blir vedtatt av Stortinget.
Statens vegvesen er vegmyndigheit for riks- og europavegane og har ansvar for å forvalte, greie ut, planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde riks- og europavegar. Vi er òg løyvemyndigheit for riksvegferjesamband og person- og godstransport og tildeler einerettar til drift av riksvegferjesamband.