Vegvesen.no skal vere den føretrekte staden for å løyse oppgåver og finne svar på spørsmål om veg, trafikk, køyretøy og førarkort.

Det er Digitale kanalar som har ansvaret for nettstaden vegvesen.no.

Universell utforming og tilgjengelegheit

Vi ønskjer at innhaldet og tenestene våre skal vere tilgjengelege for alle. Nettstaden skal følgje retningslinjene for tilgjengeleg webinnhald, WCAG 2.1.

Opphavsrett

Innhaldet på nettsidene er opphavsrettsleg beskytta og er eigd av Statens vegvesen. 

Kopiering, tilgjengeleggjering for publikum og anna utnytting utover det som følgjer av åndsverkslova og anna relevant lovgiving, er tillate så lenge ein oppgir Statens vegvesen som kjelde ved bruk. 

Videoar, animasjonar, grafiske element og bilete skal ikkje brukast utan skriftleg samtykke frå oss.

Forslag til forbetringar

Kontakt oss gjerne dersom du har forslag som gjeld nettsida vegvesen.no.

E-post til Statens vegvesen blir, som all annan post, handtert i samsvar med reglane i offentleglova. Du må derfor vere førebudd på at innhaldet i  e-posten din kan bli offentleg kjent.

Send ikkje meldingar med personleg innhald eller sensitive opplysningar. E-post er vanlegvis ukryptert og kan potensielt lesast av andre. 

Skjema og andre dokument

Skjema og dokument på vegvesen.no som er meint for utskrift, er laga i PDF-format. Du treng Adobe Reader eller tilsvarande for å lese dei.