Klipp hekkar og buskar ved eigedomen din, slik at bilistane ikkje overser syklistar og gåande.

Dersom du eig eller disponerer ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg har du ansvar for å sørge for fri sikt ved avkøyrsla di og mot vegkryss.

Vi håpar at du vil gjennomføre nødvendige tiltak på vegetasjonen slik at alle kan gå, sykle og køyre trygt forbi eigedomen din.

Når avkøyrsla di kryssar gang- og sykkelveg

Dersom avkøyrsla di kryssar gang- og sykkelveg må høgda på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan i frisiktsona.

Klipp enten hekken din slik at han held seg  under 0,5 meter (alternativ 1) eller flytt gjerdet og/eller hekken utanfor frisiktsona, merka med  rosa farge (alternativ 2).

Det må vere 3 meter fri sikt inn i avkøyrsla. Det betyr at når du står 3 meter inn i avkøyrsla di skal du kunne sjå midten av gang- og sykkelvegen 30 meter til kvar side. Merk at frisiktsona bør utvidast ut over 30 meter dersom gang- og sykkelvegen hallar og syklistane held høg fart.

Illustrasjon som viser korleis du skal klippe hekkar og buskar
Dersom avkøyrsla di kryssar gang- og sykkelveg må høgda på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Foto: Statens vegvesen

Når avkøyrsla di munnar ut i vegen

Dersom avkøyrsla di munnar ut i vegen må høgda på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan. Hekk og gjerde kan òg flyttast utanfor frisiktsona, merka med raud stipla strek.

Det må vere 4 meter fri sikt inn i avkøyrsla. Det betyr at når du står 4 meter inn i avkøyrsla di, skal du kunne sjå vegen.

Kor langt du skal kunne sjå varierer ut frå fartsgrensa. Er fartsgrensa 30 km/t skal du kunne sjå vegen 20 meter i begge retningar, og vidare aukar avstanden med farten.

  • Ved 40 km/t skal du kunne sjå vegen 30 meter i begge retningar
  • Ved 50 km/t skal du kunne sjå vegen 45 meter i begge retningar
  • Ved 60 km/t skal du kunne sjå vegen 70 meter i begge retningar
  • Ved 70 km/t skal du kunne sjå vegen 90 meter i begge retningar
Illustrasjon som viser kor langt du skal kunne sjå når fartsgrensa aukar
Dersom avkøyrsla di munnar ut i vegen må høgda på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan. Foto: Statens vegvesen

Når du har tre ut mot vegen

Dersom du har tre ut mot veg, fortau eller gang- og sykkelveg må ikkje greiner henge lågare enn 5 meter over vegbanen.

Over fortau og gang- og sykkelveg må ikkje greiner henge lågare enn 3 meter. Eigaren av trea er òg ansvarleg for fjerning av greiner som dett ned.

Illustrasjon som viser greiner frå tre som heng over veg, fortau, gang- og sykkelveg
Dersom du har tre ut mot veg, fortau eller gang- og sykkelveg må ikkje greiner henge lågare enn 5 meter over vegbanen. Over fortau og gang- og sykkelveg må ikkje greiner henge lågare enn 3 meter. Foto: Statens vegvesen