Om kampanjen
Tunnelsikkerheitsforskrifta har som mål å førebyggje uønskte hendingar i tunnel, og denne kampanjen fokuserer på å auke kunnskapen til trafikantane og medvitet om riktig åtferd ved driftstans, trafikkork, ulykker og brann i tunnel.
I fokus for kampanjen står tre enkle handlingar som vi kallar tunnelvettreglane. "Nødblink – havarilomme – nødtelefon" er ein enkel hugseregel for bilistane.
Espen Nakstad er frontfigur fordi han har høg truverd og formidlingsevne i krisesituasjonar. Han vart eit kjent ansikt under pandemien, og no brukar han erfaringa si frå krisehandtering til å styrke beredskapen til folk i tunnelar. Som lege og leiar for CBRNE-senteret ved Oslo universitetssjukehus har han sett konsekvensane av tunnelbrannar på nært hald.
– Enkle bodskap kan redde liv. Når det verkeleg gjeld, må vi hugse kva vi skal gjere. Eg håpar kampanjen kan gje folk tryggleik og vise at det faktisk er mogleg å kome seg bort frå ein tunnelbrann på ein sikker måte, seier han.
Statens vegvesen, Vegdirektoratet, ni fylkeskommunar og Oslo kommune har samarbeidd tett om denne trafikksikkerheitskampanjen.