Meld frå om du køyrer på dyr
Det er ikkje straffbart å køyre på eit dyr, men det er straffbart å ikkje melde frå. Ring politiet på 02800.
Når du melder frå til politiet etter ein påkøyrsel, varslar dei viltnemda og andre relevante aktørar.
Oppgi gjerne koordinatar til politiet som du finn i kartet på mobilen din. Om du ringjer politiet med appen «Hjelp 113», ser dei nøyaktig kvar du er.
Husk å sikre og merke ulykkesstaden
Du må setje ut ein varseltrekant og skru på nødblink. Ta på refleksvest.
Om du får løyve frå politiet til å køyre vidare, skal du merke staden der dyret vart påkøyrt slik at personell frå kommunen lett kan finne staden. Bruk til dømes ein plastpose eller noko anna godt synleg du har i bilen.
Avlive eller ikkje avlive dyret?
Du skal ikkje avlive dyret sjølv, med mindre politiet har godkjent det. Dette er for å unngå unødig liding, ved at kompetent personell kan gjennomføre søk og vurdere om dyret skal avlivast. Unntaket er mindre dyr og fuglar. Desse kan ein avlive sjølv, dersom det er openbert at dyret ikkje vil overleve.
Dersom dyret er storvilt eller husdyr, og det er openbert at dyret ikkje vil overleve, kan du avlive det om du ikkje får tak i eigaren, veterinær eller politiet innan rimeleg tid.
Ikkje følg etter eit skadd dyr
Det kan vere farleg og gjer det vanskeleg for ettersøkshundar.
Slik unngår du å køyre på dyr
- Tilpass farten etter forholda. Sørg for å halde ein fart som gjer at du kan stoppe i tide.
- Ver ekstra merksam i område som er skilta med vilt- eller husdyrkilt.
- Sveip jamleg blikket over terrenget på begge sider av vegkanten for å få med deg aktivitet.
Hugs at
- Hjortevilt, sauer og geiter er flokkdyr. Ser du eitt dyr, brems forsiktig ned og ver merksam på at det kan kome fleire.
- Eit dyr som verkar roleg, kan byrje å springe framfor bilen eller bli skremt.
- I område med mykje rein skal ein vere merksam på at om det nyleg er salta, kan det av og til tiltrekkje rein mot vegen.
Fleire påkøyrslar i skumringa og om det har kome mykje snø
Dei fleste påkøyrslar av vilt skjer i skumringa på morgonen og ettermiddag/kveld då dyra flyttar seg mykje mellom område dag og natt. Dei aller fleste elgpåkøyrslane skjer i perioden haust fram til våren.
Er det vintre med store snømengder, og spesielt om det nyleg har kome mykje snø, vil faren for påkøyrsel av hjortedyr og spesielt elg auke drastisk.
Statens vegvesens tiltak
Statens vegvesen har fleire tiltak for å forhindre påkøyrslar av dyr. Desse inngår i sjølve planlegginga av vegen og inn i drifta og vedlikehaldet av vegnettet.
Døme på tiltak er viltgjerde, viltovergangar, viltsluser, skilting, varsling, rister og ferister i vegbanen, siktrydding. Det blir gjennomført trafikkgrep som nedsett fart i utsette område og tidsperiodar og omkøyringar til dømes som følgje av villrein-tråkk. Vi arbeider også med informasjonstiltak og føraropplæringa.
Statens vegvesen er aktivt med i internasjonalt samarbeid og erfaringsutveksling, spesielt med Finland og Sverige på dette området. Vi har også utført ein del forsking og utvikling på dette området spesielt dei siste 5 åra.