Førebu deg til turen ved å ha fullada batteri eller full tank på bilen. Bruk nødblinklys, følg med på bilen føre deg, og hald mest mogleg jamn fart.

Det er alltid ein brøytebil eller ein leiebil både framfor og bak i kolonnen. Sjåførane av brøytebilen og leiebilen har kontakt med kvarandre heile tida. Sjåføren av brøytebilen kan stanse kolonnen med jamne mellomrom for å sjekke at alle er med.

På dagar med mykje trafikk kan det vere lang ventetid for å få køyre i kolonne. Det er derfor lurt å sjekke trafikkmeldingar og vurdere andre køyreruter dersom det er mogleg.

Slik førebur du deg til turen

Før du reiser, bør du sørge for å ha fullada batteri eller nok drivstoff på tanken. Det er ikkje bensin- eller ladestasjoner på kolonnestrekningane.

  • Ha lykt, slepetau og snøspade lett tilgjengeleg.
  • Det er lurt å ha med mat og varm drikke.
  • Ta med varme klede og vintersko.

Undervegs på turen

Dersom det er minusgrader ute, lèt du lufteanlegget forsyne frontruta med kald luft. Det hindrar ising.

  • Bruk naudblink.
  • Om du har tåkelys, bruk dei.
  • Hald augekontakt med bilen framfor.
  • Hald mest mogleg jamn hastigheit og følg kolonnen.
  • Ikkje køyr ut av kolonnen eller forsøk å snu.

Dersom du må stoppe eller det blir stopp i kolonnen, må du ikkje bevege deg bort frå bilen. Det kan vere livsfarleg.

Trafikktryggleik når du køyrer i kolonne

Av omsyn til trafikantane sin tryggleik er det avgrensingar på kor mange som får vere med i kvar kolonne. Regelen er at det ikkje skal vere fleire menneske i ein kolonne enn redningsmannskapane har kapasitet til å redde ut.

Av tryggleiksomsyn skal det heller ikkje vere meir enn ein kolonne på strekninga om gongen.

Brøytemannskapane kan avvise trafikantar dei forstår kan komme til å få problem med å bli med i kolonnen. Det kan vere personar som ikkje har tilstrekkeleg varme klede, køyretøy som har tekniske manglar eller køyretøy som ikkje er tilstrekkeleg «skodd» for slik køyring.

Sist oppdatert: