Meld frå om du køyrer på dyr
Det er ikkje straffbart å køyre på eit dyr, men det er straffbart å ikkje melde frå. Ring politiet på 02800 dersom uhellet er ute.
Når du melder frå til politiet etter ein påkøyrsel, varslar dei viltnemnda og andre relevante aktørar. Oppgi gjerne til politiet koordinatane som du finn i kartet på mobilen din. Om du ringjer politiet ved hjelp av appen «Hjelp 113», ser dei nøyaktig kvar du er.
Husk å sikre og merke ulykkesstaden
Du må sikre ulykkesstaden ved å setje ut ein varseltrekant og skru på nødblink. Ta på refleksvest.
Om du får løyve frå politiet til å køyre vidare, skal du merke staden der dyret vart påkøyrt slik at personell frå kommunen lett kan finne staden. Bruk til dømes ein plastpose eller noko anna godt synleg du har i bilen.
Avlive eller ikkje avlive dyret?
Du skal ikkje avlive dyret sjølv, med mindre politiet har godkjent det. Dette er for å unngå unødig liding. Kompetent personell kan søkje etter dyret og vurdere om det skal avlivast. Unntaket er fuglar og mindre dyr som er ville. Desse kan du avlive sjølv, dersom det er tydeleg at dyret ikkje vil overleve.
Skal du avlive storvilt eller husdyr sjølv, må det vere openbert at dyret ikkje vil overleve, i tillegg til at du ikkje får tak i eigar, veterinær eller politi innan rimeleg tid.
Ikkje følg etter eit skadd dyr
La vere å forfølgje eit skadd dyr - det kan vere farleg. I tillegg gjer det jobben vanskelegare for sporhundar.
Slik unngår du å køyre på dyr
- Tilpass farten etter forholda. Hald ein fart som gjer at du kan stoppe raskt opp.
- Sveip jamleg blikket over terrenget på begge sider av vegkanten for å få med deg aktivitet.
- Ver ekstra merksam i område som er skilta med vilt- eller husdyrskilt.
Hugs at
- hjortevilt, sauer og geiter er flokkdyr. Ser du eitt dyr, brems forsiktig ned og ver merksam på at det kan komme fleire.
- sjølv om eit dyr verkar roleg, kan det bli skremt og springe framfor bilen.
- i område med mykje rein der det nyleg er salta, kan saltet tiltrekkje rein mot vegen.
Fleire påkøyrslar i skumringa og ved mykje snø
Dei fleste påkøyrslar av vilt skjer om morgonen og ettermiddag/kveld. Det kjem av at dyra flyttar seg mykje mellom område i overgangen mellom natt og dag.
Ved store snømengder, og spesielt om det nyleg har komme mykje snø, aukar faren for å køyre på hjortedyr drastisk. Det gjeld spesielt elg. Generelt skjer dei aller fleste elgpåkøyrslane i perioden frå hausten og fram til våren.
Tiltak for å hindre påkøyrslar av dyr
Statens vegvesen har fleire tiltak for å forhindre påkøyrslar av dyr. Desse inngår i sjølve planlegginga av vegen og inn i drifta og vedlikehaldet av vegnettet.
Døme på tiltak er viltgjerde, viltovergangar, viltsluser, skilting, varsling, siktrydding og rister og ferister i vegbanen. Det blir gjennomført trafikkgrep som nedsett fart i utsette område og tidsperiodar, og omkøyringar til dømes som følgje av villrein-tråkk. Vi arbeider også med informasjonstiltak og føraropplæringa.
Statens vegvesen er aktivt med i internasjonalt samarbeid . Vi har særleg mykje erfaringsutveksling med Finland og Sverige på dette området. Vi har også utført ein del forsking og utvikling knytt til påkøyrsel av dyr dei siste fem åra.