Ole Kristian Birkeland
- E-post:
Bypakke Ålesund er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund Kommune og Statens Vegvesen. Vi skal sikre at Ålesund framleis skal vere ein god by for alle, også i framtida. Det skal bli enklare og tryggare å bevege seg til og frå – enten du køyrer bil, syklar, går eller tek bussen.
Målet er at fleire skal sykle, gå og reise kollektivt, og at delen reiser med personbil skal reduserast. Bypakke Ålesund skal gi eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer, og bidra til ei attraktiv og berekraftig byutvikling.
Bystyret i Ålesund og fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok i juni 2019 ein bypakke til 3,65 milliardar kroner.
Målet med bypakken i Ålesund er at fleire skal sykle, gå og reise kollektivt, og at andelen bilreiser skal ned.
Fremkome for privatbil og næringslivet skal bli ivaretatt, kollektivtilbodet skal vesentlig bli forbetra og gang- og sykkelnettet skal merkbart bli utbetra. Bypakkens eige nettside viser dei ulike prosjekta.