E134 Bøgrend, Vestre Vesåsvegen - Verpe
Hvor?
- Fylker:
- Telemark
Kommuner:
Vinje
Hva?
Det skal utarbeidast deltaljreguleringsplan for utbetring av E134 på strekninga Vestre Vesåsvegen - Verpe gjennom Bøgrend. Vinje kommune planlegg gang- og sykkelveg på same strekning.
Hvorfor?
Eksisterande E134 er smal, har dårleg kurvatur og sikt og sideterrenget langs vegen er ikkje sikkert. Målet er å auke trafikktryggleiken og framkoma på den 2,7 km lange strekninga.
Kart
Framdrift
Statens vegvesen varsla i samarbeid med Vinje kommune oppstart av detaljreguleringsplan for E134 på strekninga frå Vestre Vesåsvegen–Verpe i Bøgrend. Merknadsfristen var 25. april 2025.
Statens vegvesen varsla om utviding av plangrensa for pågåande reguleringsplanarbeid på E134 på strekninga Vestre Vesåsvegen – Verpe i Bøgrend i september 2025. Bakgrunn for utviding av plangrensa er at det er naudsynt med noko meir areal enn fyrst anteke.
Planområdet vart utvida fem stadar. Ved Jamsgard og Midtun skal vi sjå på moglegheit for omlegging av åtkomstveg. Utbetring av jordbruksareal skal vurderast ved Jamsgard og Høgetveit. Ved Bø er det aktuelt med busshaldeplass.
Merknadsfristen var 30.09.2025.
Vinter/vår 2026: Antar planvedtak
Aktuelt
-
Utviding av plangrensa for E134 Bøgrend, Vestre Vesåsvegen-Verpe
— Planområdet utvidast fire stadar av omsyn til plass til gang- og sykkelveg, sikring av åtkomstar samt erverv av areal til erosjonssikring i bekkeinntak.
Planer og dokumenter
Fakta og nøkkeltall
- Lengde:
- 2700 meter
- Finansiering:
- Stat, Kommune
- Nasjonal transportplan:
- Ikke omtalt
Mer om prosjektet
E134 skal utbetrast til 8,5 m vegbreidde. Det er naudsynt med omlegging av traséen enkelte plassar for å klare geometriske krav til ny veg. Gang- og sykkelvegen planleggast med 3,0 m breidde. Avstanden mellom vegen og gang- og sykkelvegen er i utgangspunktet 3,0 meter, men må tilpassast staden.
Statens vegvesen planlegg utbetring av strekninga, og kommunen planlegg gang- og sykkelveg på same strekning.