For deg som bruker vegvesen.no i jobb
Vi vil gjerne høyre frå dykk som bruker vegvesen.no i jobbsamanheng, slik at vi kan forbetre nettsidene. Svar på denne korte spørjeundersøkinga (3 minutt, Questback – blir opna i ny fane).
Detaljregulering for E134 Bøgrend, vestre Vesåsvegen – Verpe ute til høyring
Planforslaget for E134 Bøgrend, vestre Vesåsvegen – Verpe er ut på høyring og offentleg ettersyn fram til 21. august.
Statens vegvesen legg i samsvar med plan- og bygningslova §12-10 og §3-7 forslag til detaljreguleringsplan for E134 Bøgrend, vestre Vesåsvegen – Verpe i Vinje kommune ut på høyring og offentleg ettersyn.
Betre trafikktryggleik for alle
Planforslaget omfattar ein ca. 2,7 km lang vegstrekning frå vestre Vesåsvegen til avkøyringa til Verpe. Vegen er delvis utbetra, men har òg parti med smal veg, dårleg sikt og skjeringar tett på vegen.
Ny E134 planleggast med breidde 8,5 m. Målet er å auke trafikktryggleiken for alle trafikantgrupper, sikre betre framkomst for person- og tungbilar, og redusere klimagassutslepp. Det er òg planlagt løysing for gåande og syklande på strekninga etter ynskje frå Vinje kommune. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Vinje kommune.
Frist for merknader
Eventuelle merknader til planforslaget må sendast skriftleg til Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer eller til firmapost@vegvesen.no innan 21. august 2026.
Meir innspelet med sak nr. 24/324888.
Spørsmål til planarbeidet?
Har du spørsmål til planarbeidet kan du kontakte Statens vegvesen ved planleggingsleiar Turid Hagelia Korshavn på mobil 93096282 eller på e-post: turid.hagelia.korshavn@vegvesen.no