1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Foto: Statens vegvesen

Kvar?

Fylke:
Hjartdal

Kommunar:

Telemark

Kva?

Eksisterande E134 mellom Grisesvingen og Tomatsvingen i Hjartdal kommune har dårleg kurvatur og sikt, og sideterrenget langs vegen er ikkje sikkert. Målet med planarbeidet er godkjend reguleringsplan for er å auke trafikktryggleiken og framkoma på vegen gjennom betre kurvatur og sideterreng.

Kvifor?

E134 skal utbetrast til 9 meter vegbreidde. Det er behov for omlegging av traséen for å klare geometriske krav til ny veg. Målet er utbetring av veg i tråd med nullvisjonen, auka trafikktryggleik for alle trafikantgrupper, påliteleg, effektiv og sikkerframkomme for gods og andre køyretøy på veg.

Kart

Prosjektområde © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)
Lengde:
1500 meter
Finansiering:
Stat
Nasjonal transportplan:
Ikkje omtalt

Meir om prosjektet

Den ca. 1,5 km lang vegstrekningen langs E134 mellom Grisesvingen og Tomatsvingen har i dag svært krevjande kurvatur og smal vegbreidde. Sikta er dårleg og skjeringane står tett på vegen. Det er ein del utforkøyringsulukker og møteulukker på staden. Utbetring av desse svingane vil vere med på å byggje ut E134 som ein effektiv veg mellom Austlandet og Vestlandet. 

Utbetring av svingane ved Grisesvingen og Tomatsvingen blir sett i samanheng med prosjektet E134 Gvammen-Elgsjø. Strekninga er ein del av nasjonal hovudveg frå E6 ved Vassum i Østfold fylke til Haugesund i Vestland fylke. Parsellen inngår i rute 5A Drammen–Haugesund med tilknytingar (NTP) og i gjennomføringsplanen 2025–2030 som eit prioritert prosjekt. 

 

Kontaktar

Tone-Lill Hall

Planleggingsleiar
Telefon:
909 22 109
E-post:

Anne Janicke Nicolaisen

Prosjektleder
Telefon:
48217322
E-post: