E134 Kolonneoppstilling Vågsli
Det er behov for ein forbetra og meir sikker oppstillingsplass vinterstid i dei tilfella vêret gjer det nødvendig å stenga E134 over Haukelifjell.
Bygearbeidet starta sommaren 2021.
E134 er ei prioritert ferdselsåre mellom aust og vest. Vêrforhold om vinteren kan vere harde og utfordrande, og av og til er det behov for å stenge vegen eller innføre kolonnekøyring. Ein kolonneoppstillingsplass med toalettanlegg vil vere ei stor betring for reisande i slike tilfelle. Oppstillingsplassen vil òg vere tilgjengeleg resten av året.
Det blir eit stort masseoverskot i samband med opparbeiding av kolonneoppstillingsplassen. Det er ønskeleg å nytta dette til utbetring av kurva ved Sveivihylen. Det vil bli utarbeidd reguleringsplan for denne vegomlegginga.
- Veg:
- E134
- Fase:
- Byggefase
- Kommunar:
- Vinje
- Fylke:
- Telemark
- Finansiering:
- Stat
- Totalkostnad:
- 30 mill.kr.
- Oppstart:
- Juni 2021
- Antatt opna:
- Hausten 2022