1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Byggefase
  1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Oversikt over anleggsområdet på Lerstad, januar 2026.
Foto: Amy Elise Floen Alnes, Statens vegvesen

Kvar?

Fylke:
Møre og Romsdal
Kommunar:
Ålesund

Kva?

Det blir bygd ny firefelts innfartsveg til Ålesund mellom Breivika og Lerstad. Ny veg vil i hovudsak gå i ein tunnel med to løp på 2,6 kilometer. Det blir bygd nytt toplansskryss ved Lerstad, og ny gang- og sykkelveg på heile strekket.

Kvifor?

Ny innfartsveg til Ålesund gjennom Lerstad har vore planlagt i over 40 år, og er det største prosjektet i Bypakke Ålesund. Kvart døgn køyrer nær 15 000 bilar gjennom bydelen. Den nye tunellen vil avlaste både dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelene Moa og Åse.

Kart

E136 Breivika-Lerstad © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Bystyret i Ålesund vedtok 4. september 2014 reguleringsplan for E136 Breivika-Lerstad.

Du kan sjå reguleringsplanen her.

Les heile nyheitssaka her.

2021: Førebuande entreprise lyst ut på anbud

Entreprenøren Aurstad Tunnel AS har vunne anbodskonkurransen, og skal førebu bygginga av ny E136 mellom Breivika og Lerstad i Ålesund kommune.

7. april 2022 markerte Bypakke Ålesund oppstarten av nye E136 Breivika-Lerstad med eit symbolsk første spadetak.

Sjølve spadetaket vart tatt i fellesskap av partane i Bypakke Ålesund, og med god hjelp frå elevrådsrepresentantane Anita Lai Rønning og Louis Morstøl Nogva frå Lerstad skole.

Når den tre kilometer lange tunnelen står ferdig vil det gi eit stort løft for bydelen Lerstad. Gjennomgangstrafikken blir flytta vekk frå nærmiljøet, og det blir både mindre støy og tryggare å bevege seg i området. Staten vegvesen skal også bygge fire kilometer samanhengande gang- og sykkelveg mellom Moa og Lerstad, som i store deler av strekningen skal ligge i et parkdrag i god avstand fra bilvegen. Lengda på tunnelen blir på ca. 3 km. 

Statens vegvesen har gjennomført anbudskonkurranse på forbedrende arbeid i Breivika, og signerte 4. oktober 2022 kontrakt med Busengdal AS.

Du kan lese nyheitssaka her.

Første salve i tunnelen gjekk 20. mars 2024.

4. februar 2026 vart den siste salva avfyrt i søndre løp på Lerstadtunnelen, med god hjelp frå Ålesund-ordførar Håkon Lykkebø Strand. Ordføraren fekk fyre av salva i lag med NCC sin skytebas. 

- Gjennomslaget er ein stor milepel for entreprenør NCC, Bypakke Ålesund og prosjektet E136 Breivika-Lerstad. No er vi komne svært langt på ein ny veg som vil endre mykje for veldig mange her i Ålesund, både for trafikantar og nabolag, sa prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

 

Sprengingsarbeidet er ferdig i Lerstadtunnelen. Dei siste store salvene vert avfyrte i tunnelen 6. mars 2026, og med det er den mest støyande fasen av tunnelbygginga på E136 Breivika-Lerstad unnagjort.

Opning av ny E136: Breivika-Lerstad

  • Informasjonsmøte 1. februar
    — Snart starter arbeidet med Lerstadtunnelen. I den forbindelse ønsker vi, sammen med entreprenør, å invitere de som bor i området til et informasjonsmøte.
  • Signerte storkontrakt i Ålesund
    — Statens vegvesen og NCC Norge AS signerte 8. januar kontrakt på nær 1,5 mrd for bygging av E136 Breivika-Lerstad.
  • Endret trafikkmønster ved Vestmoa
    — På grunn av forbedrende arbeid før byggingen av Lerstadtunnelen blir det endret trafikkmønster ved Vestmoa fra mandag 9. oktober.
Sjå alle aktueltsaker
Lengde:
3 300 kilometer
Finansiering:
Stat, Bompengar
Nasjonal transportplan:
NTP 2022–2033
Totalkostnad:
1,92 milliarder. (2019-kr)
Oppstart:
Hausten 2022
Antatt opna:
2027

Meir om prosjektet

Ny firefeltsveg

Ny innfartsveg til Ålesund gjennom Lerstad har vore planlagd i over 40 år, og er det største og mest omfattande tiltaket i Bypakke Ålesund. 

Kvart døgn køyrer nesten 15 000 bilar gjennom bydelen, og den nye tunnelen vil avlaste både dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelane Moa og Åse.

Sykkel og gangveg

Forholdene for gåande og syklande på strekninga blir vesentleg betre som følge av tiltaket.

Frå Moa til Lerstad skal det byggast fire kilometer samanhengande gang- og sykkelveg. Traseen går frå Moa til Lerstad, forbi Lerstad skule og ut til rundkøyringa på Lerstad. På store delar av strekninga vil gang- og sykkelvegen ligge ved eit parkområde eit stykke frå bilvegen. 

Gang- og sykkelvegen vil krysse under dagens E136 ved bensinstasjonen på Lerstad, og det er planlagt tilkopling mot turvegsystemet ved Lerstadvatnet.

Heile strekninga vil ha eitt felt for gåande og eitt felt for syklande, delt av ein smal rabatt.

Kollektiv

Den nye vegen mellom Breivika og Lerstad skal bidra til å fremme miljøvennleg transport ved å frigjere vegkapasitet til buss. Prosjektet skal gi betre framkomst, redusert reisetid og betre trafikktryggleik.

Betre kapasitet og framkomst vil også vere viktig for næringstransporten i Ålesund.

Ny innfartsveg mellom Breivika og Lerstad i Ålesund. Prosjektet er en del av Bypakke Ålesund. Video: Video: Red Ant.

Prosjektkontor

Besøksadresse:

Vestre Olsvikveg 13, Ålesund

Telefon:
22 07 30 00

Kontaktar

Ole Kristian Birkeland

Prosjektleiar
E-post: