Plangrensa er endra noko i sør i høve til grense varsla 21. april 2021 av omsyn til Kongevegen.

Føremålet med reguleringsplanen er å regulere areal til utviding av eksisterande europaveg mellom Åsbrekkegjelet og Skromle bru.

I arbeidet med reguleringsplanen er det kome fram at plangrensa bør utvidast i sør av omsyn til Kongevegen. Tiltaket er vurdert til å utløyse krav om konsekvensutgreiing etter §10, bokstav b) innan fagtema kulturarv. Kongevegen går paralelt med E16 på deler av strekninga. For å få regulert føremål og omsynssone på ei heilskapleg veglenke av Kongevegen utvidar Statens vegvesen no plangrensa, i samarbeid med Voss herad.

Kart: Endring av plangrense E16 Åsbrekkegjelet-Skromle bru
Kartfigur under syner avgrensing tidlegare plangrense, der deler av Kongevegen (vist i blå farge) går utanfor plangrensa. Plangrensa utvidast i dette området for å få heile veglenka av Kongevegen som går paralelt med prosjektet med i planen. Plangrensa er uendra for resten av planen. Foto: Statens vegvesen

Innspel

Vi ber om at innspel vert sendt Statens vegvesen innan 17. desember 2021:

  • på e-post til firmapost@vegvesen.no
  • eller med vanleg post til: Statens vegvesen, Pb. 1010 Nordre Ål 2605 LILLEHAMMER

Merknader merkast med plannamn E16 Åsbrekkegjelet–Skromle bru. Utbetring for forsterka midt-og kantoppmerking, eller saksnummer 20/140172.

Med bakgrunn i denne endringa vert det no varsla til aktuelle berørte grunneigarar,
Statsforvaltar, Vestland fylkeskommune og NVE, om ei utviding av plangrensa.
Etter at merknadsfristen er gått ut vil planforslag bli lagt ut på offentleg høyring. Det vert då moglegheit for å koma med eventuelle merknader til planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Kontakt

Kontakt Runa Aaland Eggum ved spørsmål om planarbeidet, telefon 95 75 61 06 eller e-post runa.eggum@vegvesen.no.

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 3-7 og 12-8.

Aktuelt for fylke: Vestland