Fellesprosjektet Arna–Stanghelle
Kvar?
- Fylke:
- Vestland
- Kommunar:
- Bergen, Vaksdal
Kva?
Prosjektet er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og Bane NOR, og omfattar bygging av E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle.
Kvifor?
Dagens veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle har låg standard, er utsett for skred og gir mange forseinkingar. Ny løysing skal sikre raskare, tryggare og meir påliteleg transport for både reisande og gods.
Kart
Framdrift
2018 Oppstart reguleringsplan
1. april 2022 vedtok regjeringa den statlege reguleringsplanen for E16 og Vossebanen på strekninga Arna – Stanghelle.
2025 Forberedende arbeider startet
2026 Bygging av anleggstunnelar, fjellsjakter, riggområder og midlertidige kryss starter
2029 Byggingen av veg- og jernbanetunneler starter
2039 Ny E16 og dobbeltspor på jernbane mellom Arna–Stanghelle åpner for trafikk
Aktuelt
-
Lysregulering på E16 mellom Trengereid og Stanghelle i helga
— Det blir lysregulering på tre korte strekningar på E16 mellom Trengereid og Stanghelle frå fredag 6. februar kl. 02:00 til måndag 9. februar kl. 05:00.
-
Desse er prekvalifisert til den første tunnelkontrakten i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
— Fellesprosjektet Arna-Stanghelle har kvalifisert fire aktørar til konkurransen om å bygge den første tunnelentreprisen i prosjektet.
-
Mesta skal sikre tre jernbanetunnelar for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
— 5. januar signerte Fellesprosjektet Arna-Stanghelle kontrakt med Mesta om sikring av tre eksisterande jernbanetunnelar.
Fakta og nøkkeltal
- Lengde:
- 30 km veg og 30 km jernbane.
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2025–2036
- Totalkostnad:
- 41 182 millionar i 2025-kroner
- Oppstart:
- Våren 2026
- Antatt opna:
- 2039
Meir om prosjektet
Ny E16 får fire felt frå Arna til Trengereid, og vidare to felt til Stanghelle. Talet på tunnelar blir kraftig redusert – frå 18 til tre lange tunnelar på rundt 9–10 kilometer. For avkøyring til Vaksdal og Trengereid blir det kryssløysingar inne i fjellet.
Den nye jernbanen får dobbeltspor med hastigheit opp mot 200 km/t. Her blir det bygd to lange tunnelar: Arnatunnelen på 19 kilometer og Vaksdalstunnelen på 8 kilometer. Det kjem òg nye stasjonar på Vaksdal og Stanghelle.
For tryggleiken blir det etablert eit felles rømningssystem, der tunnelane får tverrforbindelsar mellom veg og bane for sikker evakuering. Massane frå utbygginga blir deponerte i Sørfjorden via sjakter i fjellet, noko som reduserer støy, støv og transport på veg.