Katrine Sælensminde Erstad
- E-post:
Prosjektet er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og Bane NOR, og omfattar bygging av E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle.
Dagens veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle har låg standard, er utsett for skred og gir mange forseinkingar. Ny løysing skal sikre raskare, tryggare og meir påliteleg transport for både reisande og gods.
1. april 2022 vedtok regjeringa den statlege reguleringsplanen for E16 og Vossebanen på strekninga Arna – Stanghelle.
Ny E16 får fire felt frå Arna til Trengereid, og vidare to felt til Stanghelle. Talet på tunnelar blir kraftig redusert – frå 18 til tre lange tunnelar på rundt 9–10 kilometer. For avkøyring til Vaksdal og Trengereid blir det kryssløysingar inne i fjellet.
Den nye jernbanen får dobbeltspor med hastigheit opp mot 200 km/t. Her blir det bygd to lange tunnelar: Arnatunnelen på 19 kilometer og Vaksdalstunnelen på 8 kilometer. Det kjem òg nye stasjonar på Vaksdal og Stanghelle.
For tryggleiken blir det etablert eit felles rømningssystem, der tunnelane får tverrforbindelsar mellom veg og bane for sikker evakuering. Massane frå utbygginga blir deponerte i Sørfjorden via sjakter i fjellet, noko som reduserer støy, støv og transport på veg.