5. januar signerte Fellesprosjektet Arna-Stanghelle kontrakt med Mesta om sikring av tre eksisterande jernbanetunnelar.

Kontrakten har en verdi på om lag 25 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. Arbeida omfattar reinsk, sikring med boltar og sprøytebetong i tre eksisterande jernbanetunnelar - Store Fossmark, Hananipa og Romslo II. Desse tre jernbanetunnelane skal verte  kryssa av dei nye anleggstunnelane inn til de framtidige nye veg- og jernbanetunnelane som Fellesprosjektet skal i gang med byggje. 

Bilete frå Romslo II under ein synfaring i fjor då bana var stengd for trafikk.
Bilete frå Romslo II under ein synfaring i fjor då bana var stengd for trafikk. Foto: Fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Prosjektleiar i Fellesprosjektet, Kari Bremnes, fortel at prosjektet er i rute og at arbeida i dei tre jernbanetunnelane er avgjerande for å kunne starte arbeidet med etablering av anleggstunnelene.

Bilde av prosjektleder i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle Kari Bremnes.
Prosjektleder i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle Kari Bremnes. Foto: Karoline Rage/Statens vegvesen

– Dei tre jernbanetunnelane vi no skal sikre vil med tida liggje tett på dei nye tunnelane vi skal byggje. Enkelte stader er det ikkje mange meter mellom tunnelane i fjellet, og det er naudsynt å sikre dagens tunnelar før vi går i gang med å sprenge ut nye tunnelar, seier Bremnes. 

Startar arbeidet allereie i januar 

Arbeidet med dei tre eksisterande jernbanetunnelane startar alt no i januar, og er planlagt ferdig i august. Sikringsarbeidet skal gjerast i eksisterande jernbanetunnelar, der det er togtrafikk. Difor må arbeidet gjerast i periodar når banen er stengd for trafikk.

 

Kontaktperson:

Kari Bremnes
Prosjektleiar
Mobil: 952 53 159

Illustrasjonen viser korleis Store Fossmark jernbanetunnel (horisontal tunnel i illustrasjonen) skal krysses av ventilasjonstunnel (til venstre) og transportunnel (til høgre).
Illustrasjonen viser korleis Store Fossmark jernbanetunnel (horisontal tunnel i illustrasjonen) skal krysses av ventilasjonstunnel (til venstre) og transportunnel (til høgre). Illustrasjon: Cowi for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Aktuelt for fylke: Vestland