Marius Slinde
- E-post:
Prosjektet omfattar bygging av ein 6,3 km lang 2-felts tunnel mellom Hylland i Aurland kommune og Slæn i Voss herad. Den nye tunnelen får ca. 4 prosent stigning, og gir ein innkorting av vegen frå ti til åtte km.
Den skal sikre delar av Nærøydalen mot skred og erstatte eksisterande tunnelar i Stalheimskleivi som ikkje tilfredsstiller tunnelsikkerheitsforskrifta. Prosjektet har som mål å gi samfunnet ei god trafikkåre mellom aust- og vestland, med trygg framkomst gjennom heile året.
Omtalt i Nasjonal Transportplan 2025-2036, og er sett opp med oppstart og fullfinansiering i planverket sin neste seksårspeiode (2031-2036).
Prosjektet ventar no på finansiering frå Stortinget.
Prosjektet er prioritert øverst i Statens vegvesen sin porteføljeprioritering for 2025.
Dette betyr at gitt premissane for porteføljeprioritering som er definert for Statens vegvesen, er E16 Hylland-Slæn det prosjektet som Vegvesenet meinar bør vere det neste ein startar opp med.
Korleis prosjekta blir prioritert i NTP er fortsatt opp til Regjeringa.
Stortinget må vedta finansiering for prosjektet før ein kan starte bygginga av ny tunnel.