1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. På vent
  5. Bygging blir førebudd
  6. Byggefase
  7. Opna
Foto: Marius Slinde

Kvar?

Fylke:
Vestland

Kommunar:

Aurland, Voss

Kva?

Prosjektet omfattar bygging av ein 6,3 km lang 2-felts tunnel mellom Hylland i Aurland kommune og Slæn i Voss herad. Den nye tunnelen får ca. 4 prosent stigning, og gir ein innkorting av vegen frå ti til åtte km.

Kvifor?

Den skal sikre delar av Nærøydalen mot skred og erstatte eksisterande tunnelar i Stalheimskleivi som ikkje tilfredsstiller tunnelsikkerheitsforskrifta. Prosjektet har som mål å gi samfunnet ei god trafikkåre mellom aust- og vestland, med trygg framkomst gjennom heile året.

Kart

Kartet illustrerar den nye vegen med raud strek i terrenget.
Prosjektet omfattar bygging av ein 6,3 km lang 2-felts tunnel mellom Hylland i Aurland kommune og Slæn i Voss herad. Illustrasjon: Statens vegvesen

2013: Melding om oppstart av reguleringsplan

2016: Vedtatt reguleringsplan

2022: Gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2)

Omtalt i Nasjonal Transportplan 2025-2036, og er sett opp med oppstart og fullfinansiering i planverket sin neste seksårspeiode (2031-2036).

Prosjektet ventar no på finansiering frå Stortinget.

Prosjektet er prioritert øverst i Statens vegvesen sin porteføljeprioritering for 2025.

Dette betyr at gitt premissane for porteføljeprioritering som er definert for Statens vegvesen, er E16 Hylland-Slæn det prosjektet som Vegvesenet meinar bør vere det neste ein startar opp med.

Korleis prosjekta blir prioritert i NTP er fortsatt opp til Regjeringa.

Stortinget må vedta finansiering for prosjektet før ein kan starte bygginga av ny tunnel.

Byggestart

Finansiering:
Stat
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2025–2036
Totalkostnad:
Styringsmål er på 2,5 miliardar 2024-kroner.

Kontaktar

Marius Slinde

Prosjektleiar
Telefon:
909 86 891
E-post:

Karoline Rage

Kommunikasjonsrådgjevar
Telefon:
47644964
E-post: