E16 Nærøydalen
Formålet er å sikre E16 i Nærøydalen mot skred og å erstatte eksisterande tunnelar i Stalheimskleivi.
Ein ny tunnel frå Hylland i Aurland kommune til Slæn i Voss kommune skal løyse skredproblematikken i Nærøydalen. Tunnelen på 6,3 km vil avløyse dei eksisterande tunnelane i Stalheimkleivi, som ikkje tilfredsstiller krava i tunnelsikkerhetsforskriften. Den nye tunnelen får ca. 4 prosent stigning.
Reguleringsplan vart vedteken i 2016, og prosjektet er no klart for ekstern kvalitetssikring (KS2), før det må vedtakast av Stortinget og kan gå til oppstart.
Skredsikring av E16 i Nærøydalen er omtalt i Nasjonal Transportplan 2022-2033, prioritert for byggestart i første seksårsperiode.

- Veg:
- E16
- Fase:
- Byggefase
- Kommunar:
- Aurland, Voss
- Fylke:
- Vestland
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2022–2033
- Totalkostnad:
- Styringsmål frå planfasen er på 2 miliardar 2022-kroner. Dette talet vil bli justert i samband med KS2-prosessen.
- Oppstart:
- Desember 2023
- Antatt opna:
- 2027
Kontaktar
Sist oppdatert: