E39 mellom Eikefet og Romarheim har til dels svært låg standard. På grunnlag av kommunedelplan og konsekvensutgreiing vedtok kommunestyret i Lindås kommune 16.juni 2011 at ny E39 på denne parsellen skal byggjast ut etter alternativ 8 i kommundelplanen.

Dette alternativet tek til inne i eksisterande Eikefettunnel, om lag 500 m frå nordre munning. Herfrå blir det ny tunnel som munnar ut om lag 400 m ovanfor eksisterande veg i Eikefet. Vegen går ei kort daglinje i nordre del av industriområdet der den krysser  Eikemovassdraget  og går vidare i ein omlag 6 km lang tunnel til Romarheim. Tunnelen munnar ut om lag 400 m nord for Romarheim bru, krysser elva og koblar seg til eksisterande E39 fram til Gammelseter.

Kart som viser vedtatt alternativ for denne parsellen av E39.
Foto: Statens vegvesen

Veg:
E39
Fase:
Planfase
Kommunar:
Alver
Fylke:
Vestland
Lengde:
8400 meter
Finansiering:
Stat
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2014-2023

E39 Eikefet–Romarheim © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Kontaktar

Gunn Cecilie Omre

Planleggingsleiar
Telefon:
95 83 67 17
E-post:

Marte Hagen Eriksrud

Sakshandsamar i Alver kommune
E-post:

Jorunn Nesheim

Grunnerverv
E-post:

Sist oppdatert: