Kristin Nåmdal
- E-post:
E39 mellom Flatøy og Eikefettunnelen er ei delstrekning langs E39 som i framtida skal oppgraderest med ny veg.
Prosjektet skal gje eit meir effektivt og trafikksikkert nord-sør-samband på Vestlandet, og bidra til vidare utvikling av Knarvik som regionssenter.
Planprogrammet for E39 mellom Knarvik – Ostereidet (Flatøy-Eikefettunnelen)blei fastsett 19. september 2017 i dåverande Lindås kommune og 27. september 2017 i Meland kommune.
Statens vegvesen har no i oppdrag å utgreie alle alternativa i fastsett planprogram, gjennom arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutgreiing. Alver kommune er planmynde og tek avgjerda.
Forslag til kommundelplan vart oversendt til Alver kommune i oktober 2022.
Alver kommune la 8. april 2024 ut kommunedelplan for E39 Flatøy-Eikefettunnelen for høyring og offentleg ettersyn.
Alver kommune må fremja saka for 2. gangs politisk handsaming for å vedta kommunedelplan for strekninga.
Prosjektet er ikkje omtalt i nyaste Nasjonale transportplan som Stortinget har vedteke.
Når ein kommunedelplan er vedteke, og prosjektet er omtala i Nasjonal transportplan (NTP), så kan Statens vegvesen planlegga for oppstart av reguleringsplan ein eller flere deler av strekninga.
Stortinget må vedta finansering av prosjektet. Først då kan kontrakta lysast ut.
Det er uvisst når prosjektet kan få byggjestart. Stortinget må først vedta finansering.
Etablering av ny E39 på strekninga Flatøy-Eikefettunnelen skal gje eit meir effektivt og trafikksikkert nord-sør-samband på Vestlandet innafor dei rammer og føringar som er gjeve i NTP. Løysinga må leggje til rette for vidare utvikling av Knarvik som regionsenter.
E39 er ein viktig stamveg langs kysten i Noreg, frå Trondheim til Kristiansand og ut i Europa. Strekninga er om lag 1100 km lang, og går innom Stavanger, Bergen, Ålesund og Molde. I dag er reisetida på om lag 21 timar med heile sju ferjesamband og varierande vegstandard.
I Nasjonal transportplan (NTP) for 2018–2029 vedtok Stortinget eit langsiktig mål om ein utbetra og ferjefri E39 som gjer strekninga kortare og reduserer reisetida. Målet for strekninga er å knyte saman store næringslivsregionar og bu- og arbeidsmarknader, og gje betre føresetnad for å utvikle Norges største eksportregion til stor nytte for samfunnet.