Kva inneber arbeidet med ny E39 mellom Knarvik – Ostereidet (Flatøy-Eikefettunnelen)?

Statens vegvesen har fått i oppdrag å utarbeide kommunedelplan med konsekvensutgreiing for strekninga. I dette arbeidet har Vegvesenet utgreia dei ulike alternativa for ny E39 som blei fastsett ved vedtak av planprogrammet i 2017.

I forslaget til kommunedelplan med konsekvensutgreiing harl Vegvesenet gitt ei tilråding til framtidig trase, samt belyst tilhøve som har stor innverknad på kostnadar, til dømes tal kryssløysingar, val av type kryss, bruk av tunnel osv.

Som grunnlag for tilrådinga til framtidig trasè er det utarbeida ei konsekvensutgreiing av dei ulike alternativa, samt kostnadsoverslag. Det er og utgreia så kalla «prissette» (reisetid, ulukker, støy, drift- og vedlikehald osv.) og «ikkje-prissette» (landskapsbilde, nærmiljø og friluftsliv, naturmangfald, kulturmiljø og naturressursar) konsekvensar.

Alver kommune er planmynde for planarbeidet. Det er utval for areal, plan og miljø som avgjer kva alternativ til framtidig trasè for E39 ein ønskjer å tilrå, og legge ut til høyring og offentleg ettersyn. Kommunestyret i Alver skal endeleg godkjenne kommunedelplanen, etter høyring og basert på tilråding frå utval for areal, plan og miljø. Det er venta at ALver kommune vil handsame planen i 2024. 

Kva veglinjer er det som er utgreia i kommunedelplanen?

I planprogrammet frå 2017 er det vedteke at følgjande alternativ til ny E39 skal utgreiast i kommunedelplanen.

Delområde Flatøy – 1 alternativ

  • F3 med E39 i dagens korridor over Flatøy med fullt kryss i sør og halvt vestvendt kryss på Flatøy nord. Det blir også utgreidd eit alternativ utan kryss på Flatøy nord.

Delområde Vest Knarvik-Hjelmås – 6 alternativ

  • V3 med tunnel frå Knarvik til Hjelmås, med halvt kryss i Knarvik og halvt kryss i Gjervik
  • V4 med tunnel frå Knarvik til Hjelmås, med kryss i tunnel for arm ut til rundkøyring i Gjervik
  • V100 med fullt kryss i Knarvik og tunnel til Hjelmås
  • K6-3 med tunnel frå Knarvik til Hjelmås, med kryss i fjell for arm ut til rundkøyring på nedre Isdal
  • V7C med tunnel frå Knarvik til nedre Isdal, med kryss ved Øvre Isdal med ny fylkesveg/tunnel frå Øvre Isdal til Alversund
  • V8 med tunnel frå Knarvik til nedre Isdal, med kryss ved Isdal for fv. 565 og kryss ved øvre Isdal for fv. 57.

Delområde Midt Hjelmås-Eikanger - 4 alternativ

  • Tilrådd 1 alternativ i planprogrammet, med omtale av behov for nærare undersøkingar. Per no fire alternativ til vurdering

Delområde Aust Eikanger - Eikefettunnelen - 2 alternativ

  • A2 med kryss på Ostereidet (halvt eller fullt kryss)
  • A3 utan kryss på Ostereidet

Kva alternativ tilrår Statens vegvesen?

Statens vegvesen tilrår kombinasjonen F3-V3-M2-A2 for vidare regulering.

  • Statens vegvesen tilrår alternativ V3 på delstrekning Vest . V3, V4 og V100 ligg nærme kvarandre når det gjeld prissette og ikkje-prissette konsekvensar. V4 og V100 har derimot fråvik frå vegnormalane som ikkje er godkjende.
  • På strekning Midt tilrår Statens vegvesen M2, då dette alternativet samla sett kjem best ut i den samfunnsøkonomiske analysen.
  • På delstrekning Aust kjem A2 best ut i konsekvensanalysen samla sett. Alternativet lar seg også etablere i to etappar, i motsetning til A3 som må byggjast i ein samanhengande etappe. I tillegg er kryss ved Ostereidet gunstig med tanke på ambisjonar for utvikling i dette området.

Kva er det som blir fastsett i kommunedelplanen?

Kommunedelplanen vedtek ein korridor for framtidig trasé. Det inneber at ein tilrår ein veglinje og dermed fasett i kva område vegen skal gå. Heilt nøyaktig kor vegen skal gå innanfor den fastsette korridoren blir ikkje avklart før i reguleringsplanen.

Når vil ein ny E39 mellom Flatøy og Eikefettunnelen stå klar?

Det er uvisst. Vegvesenet overleverte forslag til kommunedelplanen til handsaming i Alver kommune i oktober 2022. Det er venta at kommunen vil handsame planen i løpet av 2024. Etter eit eventuelt vedtak frå Alver kommune kan ein gå i gang med reguleringsplanarbeidet. Prosjektet må også sikrast finansiering til vidare planlegging og bygging gjennom Nasjonal transportplan.

Korleis ser prosessen ut vidare?

Hovudprosesser og milestolpar Når?
Vedtatt/fastsatt planprogram September 2017
Forslag til kommunedelplan med konsekvensutgreiing  oversendt frå Statens vegvesen til Alver kommune Oktober 2022
Kommunal sakshandsaming Alver kommune inkludert:
  • 1. gangs politisk handsaming
  • Høyring av planforslag
  • 2. gangs politisk handsaming
2024
Vedtak kommunedelplan med konsekvensutgreiing  2024/2025

Korleis kan eg medverke i arbeidet med kommunedelplanen?

I planarbeidet skal det leggast til rette for medverknad for dei som blir råka av planarbeidet. I arbeidet med kommunedelplanen vil Vegvesenet og Alver kommune sørge for å dele informasjon ved viktige milestolpar og arbeid som kan vere av interesse. 

Når Vegvesenet har levert forslag til kommunedelplan, skal Alver kommune, som planmynde handsame planen. Det er utval for areal, plan og miljø som avgjer kva alternativ til framtidig trasè for E39 ein ønskjer å tilrå, og legge ut til høyring og offentleg ettersyn. Når planforslaget er på høyring, kan alle som ønskjer det sende inn sine innspel til planforslaget. Ved høyring av forslag til kommunedelplan med konsekvensutredning er det særleg ønskeleg med innspel om overordna prinsipp for prosjektet, til dømes val av trasé, vegstandard og plassering av kryss. Les meir om medverknad på sida "Medvirkning i planprosessen".

Kva rettar har eg som grunneigar viss Statens vegvesen må gjennomføre grunnerverv?

Grunnervervet gjennomførast av Statens vegvesen og i hovudsak med utgangspunkt i vedteken reguleringsplan etter plan- og bygningsloven. Per no er arbeidet i en kommunedelplanfase.
Les meir om grunnerverv og kva rettar du som grunneigar har .

Kven kan eg kontakte om eg har spørsmål om planarbeidet?

Kontaktinformasjon finn du på denne sida, under kontakt. 

E39 Flatøy–Eikefettunnelen