I gjeldande Nasjonal transportplan vert det lagt opp til å skredsikre vegen i Våtedalen i løpet av perioden 2031 - 2036.

Det pågår for tida ikkje planlegging av prosjektet. I åra fram til bygging vil Statens vegvesen avklare meir detaljert kva tiltak som trengst, og lage reguleringsplan for å kunne realisere tiltaka.

Utfordringane i Våtedalen er snø- og sørpeskred med stort trykk. Prosjektet inneber å sikre E39 mot skred. Prosjektet er ikkje endå avklara i detalj.

Strekninga er ein del av houvedvegen E39 langs kysten, og hovudveg mellom Nordfjord og Sunnfjord/Sogn. Dersom vegen må stengast er omkjøyringsvegen svært lang. Tungtransport må til dømes kjøyre via Strynefjellet, ein omveg på fleire tial mil.

Veg:
E39
Fase:
Planfase
Kommunar:
Gloppen, Sunnfjord
Fylke:
Vestland
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2025–2036

Planområde © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontaktar

Kjartan Hove

Avdelingsdirektør
Telefon:
901 10 586
E-post:

Marius Slinde

Plan- og prosjekteringsleder
Telefon:
909 86 891
E-post:

Sist oppdatert: 14. februar 2025

Gå vidare