E39 Reed–Sandane
Kvar?
- Fylke:
- Vestland
Kommunar:
Gloppen
Kva?
E39 er smal og svingete på delar av strekinga mellom Reed og Sandane.
Kvifor?
Detaljregulering for utbetring av strekninga rundt Gullkista er under utarbeiding.
Kart
Fakta og nøkkeltal
- Lengde:
- 1500 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Ikkje omtalt
Meir om prosjektet
Eksisterande E39 mellom Byrkjelo og Sandane har ein årsdøgntrafikk på 2370 køyretøy, og 16% er tungtrafikk. Vegbreidda varierer mellom omlag 5,8 og 7,9 meter.
Ved Gullkista har vegen dårleg kurvatur og standard. Ved dette partiet er bergveggen kloss i vegen på eine sida og på den andre sida går det rett ned i Breimsvatnet.
Statens vegvesen utarbeidar no detaljregulering for E39 Gullkista, ei strekning på rundt 1,5 km. Av dette er omlag 650 meter ny tunell gjennom Gullkista, og omlag 850 meter er ny veg i dagen.
Vegen er planlagd etter H1-standard, som tilsvarar ei total vegbreidde på ni meter (2 x 3,5 meter køyrebane + 2 x 1 m skulder). Tunnelen er planlagt med tverrprofil T9,5. Portalane vil få eit større tverrprofil grunna tilpassing for siktsoner ved inn- og utløp.