1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Foto: Even Hjelle, Statens vegvesen

Kvar?

Fylke:
Vestland

Kommunar:

Stad

Kva?

Skredestranda er skredutsett. Det er 8 punkt som skal sikrast.

Kvifor?

Tiltak som rasvollar der skred blir fanga bak vollen og ført under E39 i kulvert er aktuelle på dei fleste punkta. Etablering av bru der skredet blir ført under brua er også aktuell løysing.

Kart

E39 Skredestranda, skredsikring © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

I samsvar med §3-7 og §12-8 i plan- og bygningslova blir det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for E39 på strekninga langs Skredestranda.

Føremålet med planen er å sikre E39 langs Skredestranda for ras, det er 8 punkt som skal sikrast. Tiltak som rasvollar der skred blir fanga bak vollen og ført under E39 i kulvert er aktuelle på dei fleste punkta. Etablering av bru der skredet blir ført under brua er også aktuell løysing.

Hornindalsvassdraget er eit verna vassdrag i verneplan I. Flaumløpa er del av nedslagsfeltet til vassdraget og tiltaka kjem nær Hornindalsvatnet. I samråd med Stad kommune har Statens vegvesen vurdert at prosjektet utløyser krav om konsekvensutgreiing i samsvar med Forskrift om konsekvensutgreiingar, §8, bokstav a) og §10, innan fagtema naturmangfald og landskap.

Avgrensing av planområdet er vist på vedlagt kart og reguleringsplanen vil bli utarbeida innanfor dette området. Planforslaget blir sendt på høyring til alle berørte partar.

Planforslaget for detaljregulering av skredsikring for E39 Skredestranda i Stad kommune er no ute til høyring.

Området er rasfarleg. Dei siste åra har det vore fleire store skredhendingar som har ført til stenging av veg og skade på både terreng og vegbane. Målet med planarbeidet er å regulere areal som kan ervervast for å kunne bygge rasvollar og eventuelt magasin. Det skal også byggast ei bru og stikkrenner/kulvertar skal bytast ut om det er nødvendig i forhold til dimensjon. Det skal ikkje gjerast tiltak på E39, men i samband med bygging av brua og stikkrenner/kulvertar kan det bli gjort mindre tilpassingar på vegen.

Målet med tiltaket er ein skredsikker veg, som dermed gjev ein meir trafikksikker veg og ein veg med betre framkomst.

Sommar 2025: Byggestart

Lengde:
850 meter
Finansiering:
Stat
Oppstart:
Sommaren 2025

Kontaktar

Sonja Irene Rosenlid Fjellkårstad

Prosjektleiar
Telefon:
99 16 58 57
E-post:

Torkel Halsteinslid Manne

Prosjekteringsleiar
Telefon:
94276476
E-post: