1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Illustrasjon: Statens vegvesen

Kvar?

Fylke:
Møre og Romsdal

Kommunar:

Sula

Kva?

Statens vegvesen skal bygge toplanskryss med ny kulvert i E39 Veibustkrysset i Sula. Arbeidet skal løyse utfordringar med kø og gje betre trafikktryggleik.

Kvifor?

Det er utfordrande å komme seg inn på E39 frå lokalveg/industriområde på grunn av den store trafikken på E39. Spesielt når ein skal svinge til venstre og må ha klar køyrebane i to retningar, kan ein bli ståande lenge før ein kjem seg inn på E39.

Kart

Planområdet © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Arbeidet starta i byrjinga av november 2025, og det er Busengdal AS som er hovudentreprenør på anlegget.

Arbeidet vart utlyst hausten 2025. Entreprenøren Busengdal AS hadde det beste tilbodet, og kontrakt vart signert i oktober 2025

I samband med fremlegg av forslag til statsbudsjett 2025, vart prosjektet føreslått med oppstartsmidler i 2025. 

Reguleringsplanen vart vedteken i mars 2023.

  • Markerte oppstart på E39 Veibustkrysset
    — Statssekretær Tom Kalsås og Sula-ordførar Turid Humlen tok mandag 3. november første spadestikk for utbetring av E39 Veibustkrysset.
  • Signerte kontrakta
    — Divisjonsdirektør Kjell Inge Davik signerte fredag kontrakt med entreprenøren Busengdal AS om ombygging av E39 Veibustkrysset.
  • Lyser ut E39 Veibustkrysset
    — Statens vegvesen lyser ut byggearbeida for E39 Veibustkrysset. Tilbodsfristen er sett til 1. oktober.
Sjå alle aktueltsaker
Lengde:
400 meter
Finansiering:
Stat
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2025–2036

Meir om prosjektet

I Veibustkrysset skal det bli nytt toplanskryss med kulvert under E39. Krysset ligg nokre få kilometer sør for Ålesund, og arbeidet skal løyse køproblematikk og gje betre trafikktryggleik. Det har vore fleire ulykker og nestenulykker på staden.

Framkomsten på E39 vil bli omtrent uendra når krysset er ferdig utbetra.

Prosjektkontor

Besøksadresse:

Vestre Olsvikveg 13, 6019 Ålesund

Kontaktar

Ole Kristian Birkeland

Prosjektleiar
Telefon:
70 17 50 04
E-post:

Synnøve Flisnes

Nabokontakt
E-post: