Statens vegvesen varslar om utviding av plangrensa for pågåande arbeid med detaljreguleringsplan for E134 på strekninga Bøgrend–Særensgrend.

Bakgrunn for utviding av plangrensa er at det er behov for meir areal enn først anteke.

Planområdet utvidast tre stadar:

  • I nord/nordaust planlegg ein omlegging av vegen til Kåsi
  • Ved Lii skal ein sjå på moglegheit for deponiområde/tømmeropplag
  • Vest for Kjerringdalen treng ein meir sideareal til vegen

Tilleggskunngjeringa har eit areal på ~15 daa, og omfattar delar av følgande gnr./bnr: 25/2,9, 26/2, 57/4,7 og 57/5. Etter utvidinga har planområdet eit samla areal på om lag 490 daa.

Last ned

Planprosess, framdrift og frist for innspel/merknader

Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 7. november 2023 anten på brev eller e-post til:

  • Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Merk brevet eller e-posten med saksnr. 22/85714

Når merknadsfristen er ute vil Statens vegvesen gå gjennom merknader og innspel. Merknader og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men vil bli kommentert og vurdert i plandokumenta. Planforslaget vil bli lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, og det blir mogleg å komme med merknader og motsegn til forslaget før vidare politisk handsaming.

Det er eit mål at planen blir vedteke i løpet av våren 2024.

Ta gjerne kontakt

Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Turid Hagelia Korshavn, mobil 930 96 282, e-post:

Aktuelt for fylke: Vestfold og Telemark