Fleire bruleveransar

— Britiske Bridon Ltd. skal levere kabeltråd til Hardangerbrua. Tolv selskap har henta tilbodsdokument for levering av forankringsstag med plater og kabelsko.

Alvorleg arbeidsulykke i Vallavik

— Statens vegvesen har stogga arbeidet med tilførselsvegane til Hardangerbrua etter ei alvorleg arbeidsulykke i Vallavik måndag morgon.

Gjennomslag for Hardangerbrua

— Røyken sto til himmels og steinspruten gjekk i fjorden under gjennomslagssalven for tunnelen til Hardangerbrua på Vallavik.

Milepel for Hardangerbrua

— 27. januar vart fire kontraktar for bygging av Hardangerbrua underskrive. – Tre entreprenørar skal saman med byggeleiinga produsere eit storverk, sa regionvegsjef Olav Ellevset i si innleiing.

Tilbodsopning rv. 7/ rv. 13 Hardangerbrua

— Prosjektet Hardangerbrua omfattar bygging av ei 1380 m lang hengebru over Eidfjorden med tilførselsvegar, 2,4 km tunnel og om lag 1 km veg i dagen. Hardangerbrua skal erstatte ferjesambandet Bruravik-Brimnes. Prosjektet er planlagd ferdig våren 2013.

Hardangerbru-arkitekturen klar

— Hardangerbrua vert eit landemerke. Når brua står ferdig om fem år vil den ha ein varig signatur som passar inn i landskapet. Statens vegvesen vil presentere dei arkitektoniske hovudgrepa med to opne tunnelportalar og to brutårn på meir enn 200 meter.