1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Illustrasjonsbilde fra tunneloppgradering.
Foto: Karoline Rage

Kvar?

Fylke:
Vestland

Kommunar:

Bergen

Kva?

Oppgradering av Glaskartunnelen for å oppfylle tunneltryggingskrav.

Kvifor?

Sidan 2015 har Statens vegvesen oppgradert riksvegtunnelar i heile landet. Det skal gi betre branntryggleik, styringssystem og andre tryggingstiltak.

Kart

E39 Glaskartunnelen © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Sidan 2015 har Statens vegvesen arbeidd med oppgradering av 200 riksvegtunnelar i heile landet. Målet er å innfri krava i tunneltryggleiksforskrifta. 

Arbeid med oppgradering startet opp høsten 2023

Arbeid med oppgradering blei ferdig i desember 2025. Følgjande er oppgradert: 

  • Nødtelefonskap
  • Kameraovervåkning
  • DAB-radio med moglegheit for innsnakk
  • Nye bommar med raudt varsellys
  • Nye leielys
  • Havarilommer i dagsone
  • Vass- og frostsikring
  • Nye tekniske bygg
  • Vekslingssone utanfor tunnel
  • Tilrettelegges for tovegs trafikk i begge tunnelløp
  • Skilt for omkøyringsveg
  • Nytt VA og OV anlegg

Etter oppgraderinga er det no mogleg å senda to-vegs trafikk i eitt løp dersom det andre løpet må stengjast på grunn av bilberging eller vedlikehald. Derfor blir det sett opp forvarsling med feltanvisere og forvarslingsskilt ca. 3 km i kvar retning utanfor tunnelen frå Åsane senter i nord for trafikk sørover og frå Eidsvågtunnelen i sør for nordgåande trafikk.

Meir om prosjektet

Glaskartunnelen nordgåande løp er 592 meter lang og stod ferdig 1985, medan Glaskartunnelen sørgåande løp er 580 meter og stod ferdig i 1990. Tunnelen er den delen av TEN-T vegnettet der det i gjennomsnitt passerer om lag 49200 køyretøy i døgnet.

Kontaktar

Kristian Dahle Sylta

Prosjektleiar
Telefon:
E-post: