Konseptvalutgreiinga (KVU) for E134 – arm til Bergen vert gjennomført som ein open planprosess.

Det er oppretta ei referansegruppe og vi vil halde jamlege møte med denne gruppa etter som det vert utarbeidd nytt materiale i arbeidet.

6. mars gjennomførde vi ein KVU-verkstad på Flesland. Referatet frå denne verkstaden, med oppsummering av svara frå dei ulike gruppene, kan du lese her.

I denne KVUen er samfunnsmålet:

Vegprosjektet «E134 – arm til Bergen» skal gje eit meir effektivt vegsamband mellom Bergensområdet og Austlandet via E134.

Det er altså presisert at eit aktuelt konsept skal vere eit vegsamband og at det overordna målet skal vere eit meir effektivt samband mellom Bergensområdet og Austlandet. Dette er førande for arbeidet med denne KVUen.

Arbeidet med KVUen er venta ferdig i løpet av hausten 2022. Deretter skal den ut på ei offisiell høyring der alle kan kome med merknader og innspel med forslag til endringar. Deretter vert rapporten med høyringssvar og Statens vegvesen sine merknader til desse sendt over til Samferdselsdepartementet som peikar ut KS1-konsulent for gjennomgang og kontroll av rapporten.

Samla vil KVU-rapporten, høyringssvar med kommentarar og KS1-rapporten danne grunnlaget for endeleg avgjerd i Regjeringa.

Aktuelt for fylke: Rogaland, Vestland