Sykkelstamvegen mellom Sandnes og Stavanger er opna
Den etterlengta sykkelstamvegen mellom Sandnes og Stavanger er no opna for trafikk som planlagt. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård klipte snora!
Ein «motorveg for syklistar»
Med ein samanhengande hovudtrasé spesielt bygd for syklistar ligg tilhøva no betre til rette for å velje bort bilen når ein skal reise på Nord-Jæren. Sykkelstamvegen er utvikla som ein «motorveg for syklistar», med høg standard og god kapasitet. Han bind saman Sandnes og Stavanger med ein brei trasé som er heilt skild frå både biltrafikk og gåande, og gir rask, trygg og føreseieleg framkome.
Sykkelstamvegen er eit pilotprosjekt i Noreg og er forbeholden syklistar. Gåande er viste til andre løysingar, og det er skilta med forbod for fotgjengarar. Traséen går parallelt med E39 og er utforma med planskilde kryssingar, slik at syklistane slepp å krysse biltrafikk i plan. Med ein asfaltert breidd på 4,5 meter og kurver og stigning tilpassa syklistar, er målet å sikre god flyt og framkome.
13 kilometer lang sykkelveg
Etter fleire år med planlegging og utbygging kan endeleg heile strekninga på 13 km mellom Stavanger og Sandnes no takast i bruk. Første delstrekning på vel 4 km opna allereie i 2020 mellom Asser Jåttens veg og Sandnes-grensa. Deretter følgde strekninga frå Sørmarka til Asser Jåttens veg på om lag 1,7 km i 2023, medan strekninga på 4,2 km mellom Sandnes-grensa og Oalsgata i Sandnes og Stavanger-grensa vart opna i mai 2024. Strekninga som vart opna i dag på om lag 2,7 km mellom Schanceholen og Sørmarka, gjer sykkelstamvegen komplett.
Viktig for ein region i vekst
Satsinga er ein del av utviklinga av eit meir berekraftig transportsystem i regionen. Med sterk folkevekst og aukande trafikk skal sykkelstamvegen bidra til å avlaste vegnettet og redusere klimagassutslepp.
– Dette er eit viktig løft for sykkelsatsinga på Nord-Jæren. Vi har fått ei heilskapleg og effektiv samband som gjer det trygt å sykle raskt, seier Kari Smådal Turøy, prosjektleiar i Statens vegvesen.
Skal gi trygg og effektiv pendling
Den nye sykkelvegen er dimensjonert for høg trafikk og er tilpassa både pendlarar og fritidssyklistar. Lys, kurvatur og kryssløysingar er utforma med vekt på trafikktryggleik og framkome.
Prosjektleiar Kari Smådal Turøy i Statens vegvesen peikar på kor viktig det er å få på plass eit heilskapleg tilbod:
– Vi har hatt som mål å byggje ein sykkelveg med ein einskapleg standard som gjer det trygt, raskt og attraktivt å sykle over lengre avstandar. Tenk at du no kan sykle trygt frå Sandnes til Stavanger på om lag 30 minutt heile året – det er verkeleg ei gåvepakke som mange misunner oss, seier Turøy.