1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Byggefase
  1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Foto av vegen.
Foto: Arne Ola Stavseng, Statens vegvesen

Kvar?

Fylke:
Telemark
Kommunar:
Nissedal

Kva?

Rv. 41 er ein del av transportkorridoren mellom Telemark og Sørlandet, og vegen er viktig for turisme og næringsliv i fylket. Prosjektet er eit utbetringsprosjekt, og omfattar utbetring av veg, sideterreng og kurvatur.

Kvifor?

Målet er utbetring av rv. 41 i tråd med nullvisjonen, auka trafikktryggleik for alle trafikantgrupper, påliteleg, effektiv og sikker framkomme for gods og andre køyretøy og reduksjon av klimagassutslepp.

Kart

Rv. 41 Treungen–Vrådal © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Parsell 1: Treungen–Stråndrak (ca. 5,4 km). Ferdig bygd.

Parsell 2: Stråndrak–Nes (ca. 5,2 km). Ferdig bygd.

Parsell 3: Nes–Kyrkjebygda (ca. 6,8 km). Opna juni 2024. 

Parsell 4: Kyrkjebygda–Kilen (ca. 7 km). Ferdig bygd.

Parsell 5: Kilen–Steane (ca. 7 km). For strekninga mellom kommunegrensa til Nissedal og Tanganbekken (Knibstadbukti-Tanganbekken) er det sett i gang reguleringsplanarbeid for utbetring. 

Detaljreguleringsplan for Knibstadbukti-Tanganbekken er ute på høyring og offentleg ettersyn i perioden 6. mai til 17. juni 2026.

Parsell 6 Steane–Vrådal (ca. 6 km). Reguleringsplanarbeid for rv. 41 Steane-Vrådal starta september 2022. Me forventar utlegging av plan til høyring og offentleg ettersyn sommaren 2026, og då eit planvedtak sommar/haust 2026.

Lengde:
39 kilometer
Finansiering:
Stat
Nasjonal transportplan:
NTP 2018-2029

Meir om prosjektet

Før utbetringa av rv. 41 starta, hadde riksvegen mange svingar og generelt smal vegbreidd som reduserer framkomst for alle trafikantar. 

Vegen ligg i eit kupert og utfordrande terreng der dagens veg i stor grad følgjer Nisser med vatnet på den eine sida og bratt fjell på den andre sida. Landskapet gjer det derfor naturleg å leggje den nye vegen i stor grad i dagens trasé, men samtidig vurdera alternative linjer.

Kontaktar

Turid Hagalia Korshavn

Planleggingsleiar
Telefon:
930 96 282
E-post:

Tone-Lill Hall

Planleggingsleiar
Telefon:
909 22 109
E-post:

Sigurd Wiberg

Prosjektleiar
Telefon:
95 24 29 30
E-post: