Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Det kalde vêret den siste tida har gjort sikringsarbeidet ved rv. 41 Mjågeto utfordrande. Vegvesenet har vurdert at det ikkje er forsvarleg å opna vegen.

Rv. 41 mellom Nes og Kyrkjebygda skulle eigentleg opna i ettermiddag, men utfordringar med sikringsarbeidet gjer at opninga må utsetjast.

– Me har framleis ein del lausmassar i fjellskjeringane som må fjernast. Kaldare vêr den siste tida har gjort at desse massane har frose fast. Me er avhengig av varmegrader for å sluttføra arbeidd, seier Jon Krogstad Bøe, byggjeleiar i Statens vegvesen.

Geologar har inspisert fjellet og konklusjonen er klar: Det er nødvendig at det blir utført meir reinsk og sikringsarbeid på enkelte parti før vegen kan opnast.

– Tryggleiken går føre – alltid. Me kan ikkje opna vegen for trafikk når me får slike faglege vurderingar, fortel Bøe.

Statens vegvesen beklagar veldig at riksveg 41 likevel ikkje opnar til palmehelga.

– Sjølvsagt skulle me ønskt at vegen opna i ettermiddag, men me må vera sikre på at vegen er trygg først.

Det har vore jobba døgnet rundt med sikringsarbeidar i området, og dette vil halda fram.

–  I dagane som kjem er det spådd plussgrader på dagtid. Me håpar dette vil bidra slik at me får fjerna lausmassane som må bort, og at me får god framdrift på sikringsarbeidet, seier Bøe.

Medan vegen er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Trafikantar sørfrå må då køyra via fylkesveg 358 forbi Gautefall til Bustrak og vidare fylkesveg 38 via Grova til Steane.

Kart som viser omkøyringsvegen medan rv. 41 ved Mjågeto er stengt.
Medan rv. 41 er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Illustrasjon: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestfold og Telemark