Statens vegvesen har i kveld stengt rv. 41 ved Mjågeto. Årsaka er at det er observert rørsler i eit fjellparti.

Statens vegvesen har no stengt rv. 41 ved Mjågeto etter at det er observert rørsler i eit fjellparti. Foto: Jon Krogstad Bøe, Statens vegvesen

– Me har i dag bestemt å stengja riksveg 41 av omsynet til tryggleiken. Det er eit fjellparti nord i Mjågeto-området der me har observert rørsle. Me tek ingen sjansar og stengjer vegen, seier byggjeleiar Jon Krogstad Bøe i Statens vegvesen.

Målar rørsler no og gjennom helga

For å undersøkja rørslene nærare, har Statens vegvesen sett ut målepunkt i fjellpartiet. Målingar blir utførte i kveld og i morgon, fredag, og gjennom helga.

– Det er viktig at me får undersøkt dette nøye. Etter dei målingane me gjer no og gjennom helga, vil me gjennomføra ei ny vurdering på måndag. Om det er nødvendig med sikringstiltak eller kva som skjer, er for tidleg å spekulera i no. Det er også for tidleg å seia no når me kan opna vegen igjen, forklarer Bøe.

Fjellpartiet det no er oppdaga rørsler i, er ikkje det same fjellpartiet som skapte utfordringar før påske. Dette ligg lengre nord, og det er ikkje snakk om eit høgt fjellparti men ei vegskjering.

Omkøyring via Gautefall og Grova

Medan vegen er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Trafikantar sørfrå må då køyra via fylkesveg 358 forbi Gautefall til Bustrak og vidare fylkesveg 38 via Grova til Steane.

Kart som viser omkøyringsvegen medan rv. 41 ved Mjågeto er stengt.
Medan rv. 41 er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Illustrasjon: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestfold og Telemark