Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Riksvegen mellom Nes og Kyrkjebygda opnar fredag 31. mars kl. 14.30.

Vegen skulle eigentleg opne måndag 27. mars, men det krevjande sikrings- og sprengingsarbeidet gjer at entreprenøren treng meir tid. Derfor blir rv. 41 ved Mjågeto, omlag seks kilometer sør for Kyrkjebygda, stengt i nokre dagar til.

Høgt, smalt og veldig bratt

– Det er dessverre uheldig at me ikkje klarer å opna vegen som planlagt. Rv. 41 har vore stengt på grunn av omfattande sprengingsarbeid. Det er svært høge fjellskjeringar som skal fjernast for å laga ein breiare veg, seier byggjeleiar Jon Krogstad Bøe i Statens vegvesen.

Arbeidet som har gått føre seg den siste tida er svært krevjande sidan det er ein høg fjellskjering og small og bratt ned mot Nisser. Statens vegvesen har vurdert at det ikkje er forsvarleg å ha trafikk på rv. 41 medan sprengingsarbeidet og det omfattande sikringsarbeidet går føre seg. Derfor har me vore nøydde til å halda vegen stengd.

Rv. 41 vil opna til påske

– Sidan vegen opnar fredag 31. mars betyr det at påsketrafikken kan gå som normalt. Rv. 41 skal vera ope i heile påska. Etter påska vil vegen vera delvis oppe frå tysdag 11. april til 9. mai. Då vil vegen vera oppe morgon, ettermiddag og i helgane, seier Bøe.

Utbetringa mellom Kyrkjebygda og Nes er ein del av arbeidet med å forbetra rv. 41 mellom Treungen og Vrådal.

Medan vegen er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Trafikantar sørfrå må då køyra via fylkesveg 358 forbi Gautefall til Bustrak og vidare fylkesveg 38 via Grova til Steane.

Oversikt over stengt veg

Frem til og med 31. mars

Rv. 41 helt stengt ved Mjågeto

31. mars–10. april (påska)

Vegen vil vera open frå 31.3. kl. 14.30 til 11.4. kl. 08.30.

11. april–9. mai

Vegen vil vera open kl. 06.30–08.30 og kl. 14.30–17.00 i vekedagane.

I helgane vil vegen vera open frå fredag kl. 14.30 til måndag kl. 08.30.

Kart som viser omkøyringsvegen medan rv. 41 ved Mjågeto er stengt.
Medan rv. 41 er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Illustrasjon: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestfold og Telemark