Rv. 15 Graffer–Lom
Kvar?
- Fylke:
- Innlandet
Kommunar:
Lom
Kva?
Formålet med planarbeidet er å utbetre dei 7 km av rv. 15 frå Graffer i aust og inn mot Lom sentrum. I hovudsak omfattar utbetringa av rv. 15 breiddeutviding av vegen, forsterkning av vegoverbygningen og auke av overvasskapasiteten.
Kvifor?
Prosjektet skal leggja til rette for auka framkommelegheit og trafikktryggleik på strekninga, og dessutan reduserte vedlikehaldskostnader.
Kart
Framdrift
Våren 2023: Oppstart planarbeid
Hausten 2025: Detaljreguleringsplan på høyring og offentleg ettersyn
Aktuelt
-
Høyring og offentleg ettersyn for detaljreguleringsplan for rv. 15 Graffer-Lom
— Forslag til detaljregulering rv. 15 Graffer-Lom blir no lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i perioden 29. september til 9. november.
Planar og dokument
Fakta og nøkkeltal
- Lengde:
- 7000 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2022–2033
Meir om prosjektet
Utbetring av rv. 15 mellom Graffer og Lom skal breiddeutvide vegen, forsterke vegoverbygningen og auke overvasskapasiteten. Hovudmålet er å gi trafikantane betre framkommelegheit og auka trafikktryggleiken på strekninga.
Omfanget og framdrifta for vidare arbeid med grunnerverv, byggjeplan og byggjestart er avhengig av løyving og prioritering i den kommande rulleringa av Nasjonal transportplan (NTP). Årlege tildelingar over statsbudsjettet vil avgjera når bygging kan starta.