Bakgrunn for utvidinga av plangrensa er at det er behov for meir areal enn fyrst anteke.

Det er naudsynt med noko meir areal i reguleringsplanen for rv. 36 frå Verpe til Mannheimsstrondi enn fyrst anteke, og Statens vegvesen varslar om utviding av planområde.

Planområdet blir utvida på seks stader, og tilleggskunngjeringa har eit areal på ~173 daa.

Planområdet utvidast seks stadar, og utvidinga av planområdet er vist med vist med grøn farge på kartet.
Planområdet utvidast seks stadar, og utvidinga av planområdet er vist med vist med grøn farge. Foto: Statens vegvesen

Kunngjeringsbrevet og kart finn du her

Planprosess, framdrift og frist for innspel/merknader

Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 31.10.2025 anten på brev til:

  • Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer eller på
  • e-post til firmapost@vegvesen.no

Merk brevet eller e-posten med saksnr. 24/315539

Når merknadsfristen er ute vil Statens vegvesen gå igjennom merknadar og innspel. 
Merknadar og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men vil bli kommentert og vurdert i 
plandokumenta. Statens vegvesen utarbeider eit planforslag. Planforslaget vil lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, og det blir mogleg å komme med merknadar og motsegn til forslaget før vidare politisk handsaming. Det er eit mål at planen blir vedteke i løpet av vinteren 2025/2026.

Ta gjerne kontakt

Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Torbjørn Holte, mobil 952 19 623, e-post: torbjorn.holte@vegvesen.no 

Aktuelt for fylke: Telemark