Hjelp oss å gjere nettsidene betre
Vi vil gjere det lettare for deg å finne det du trengjer på nettsidene våre. Har du 3 minutt til å hjelpe oss?
Rv. 41 ny Tveitsund bru
Kvar?
- Fylke:
- Telemark
Kommunar:
Nissedal
Kva?
Dagens Tveitsund bru langs rv. 41 er smal og har berre eitt køyrefelt. Det trengst ei ny og tryggare løysing for å kryssa elva Storåna.
Kvifor?
Statens vegvesen skal utarbeida ein reguleringsplan for riksveg 41 utanfor Tveitsund bru. Strekninga utgjer opp mot ca. 1 km veg frå sør, over elva Storåna og inn mot sentrumsområdet i Treungen. Planarbeidet skal leggja til rette for ny brukryssing.
Kart
Framdrift
Statens vegvesen varslar oppstart av reguleringsplanarbeid for rv. 41 ny Tveitsund bru oktober 2024.
Merknadsfristen var 6. november 2024.
Statens vegvesen varsla om utviding av planområde for rv. 41 ny Tveitsund bru 16. januar 2026. Det er behov for meir areal enn fyrst anteke på grunn av behovet for å justera gang- og sykkelveg ved nytt kryss.
Merknadsfristen var 13.02.2026.
Aktuelt
-
Varsel om utviding av planområde for rv. 41 ny Tveitsund bru
— Bakgrunn for utvidinga av plangrensa er at det er behov for meir areal enn fyrst anteke.
Planar og dokument
Meir om prosjektet
Tveitsund bru langs rv. 41 kryssar elva Storåna like sør for tettstaden Treungen. Denne brua vart opna i 1918 og har berre eitt køyrefelt. Trafikken er derfor lysregulert.
Det er avgrensa plass for mjuke trafikantar på brua. For fotgjengarar og syklistar er det ei tryggingsutfordring å kryssa brua samtidig som tungtransporten passerer.
Rv. 41 Tveitsund bru er freda. Vernestatusen tilseier at det ikkje kan gjerast inngrep som fysisk berører den gamle brua. Det kan heller ikkje gjerast tiltaket som ringast den gamle bruas «plass i landskapet.» Statens vegvesen skal nå i gang med planarbeidet som skal leggja til rette for ny brukryssing.