Statens vegvesen oppgraderer hovudgata i Sogndal med betre tilhøve for mjuke trafikantar.

I tillegg legg vi vekt på at nye tre skal få gode veksttilhøve med god jord og god plass å veksa på.

Nyleg kunne ein sjå representantar for entreprenør Kveen AS stå i gata med høgtrykksslange, og spyla jord ned i pukklaget som er opparbeidd i samband med breiddeutvidinga av gata.

Statens vegvesen førebur her rotvennleg forsterkingslag på riksveg 5 Gravensteinsgata gjennom Sogndal sentrum. Video: Statens vegvesen.

Rotvennleg

Dette vert gjort fordi dei nye trea i Gravensteinsgata skal få det som kallast «rotvennleg forsterkingslag».

Dette gjer at trea kan leva betydeleg lengre. Dei vil i tillegg utvikla seg raskare slik at kronene kjem over vegbana utan å hindra framkome eller sikt. Pukk er også meir berekraftig og økonomisk enn å bruka plastfundament.

– Løysinga består i at vi forbetrar moglegheitene røtene har til å utvikla seg under fortau, gang/sykkelvegar og på parkeringsplassar. Rotvennleg forsterkningslag nyttast ikkje under sjølve vegbana. Vi puttar inn jord i pukket der det ellers er berre luft. Metningsgraden er opptil 70 prosent. Dette gjer det mogleg for trerøtene å finna både vatn og plantenæringstoff i delar av veggrunnen. Då vil trea få alle moglegheiter til å verta både sterkare og større og leva lengre, seier Statens vegvesen-arborist Erik Solfjeld.

Var sparringpartnar på pilotprosjekt for 30 år sidan

Statens vegvesen var mellom dei første i landet til å i bruk metoden rotvennleg forsterkingslag i fortausgrunn alt på 90-talet.

– Den aller første prosjektet var Rådhusgata i Oslo. Snart 30 år etter står trea framleis i god vekst, og asfaltdekket er like fint og jamt, seier Solfjeld som var sparringpartnar på pilotprosjektet den gong.

Han var då ikkje tilsett i Vegvesenet, men gjennom sitt faglege nettverk i Tyskland og Sverige hadde han god kontakt med dei som hadde utvikla metoden. Han var ein pådrivar for å få han testa ut i Noreg også, og no er turen altså komen til Gravensteinsgata.

Lokalt produsert kompostjord

Etter at pukken kom på plass i den vestlege delen av hovudgata på riksveg 5 gjennom Sogndal, vart tre fem centimeter tjukke jordlag nyleg spylt ned eitt for eitt. Utplantinga vil skje til våren.

Kompostjorda er laga av den lokale produsenten SIMAS; Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap.

– Vi har nytta avfallsressursar som er gjort om til næringsrik jord, i tillegg til at vi har brukt biokól. Det er framstilt ved forbrenning av organisk materiale (som til dømes flis) utan å bruka oksygen. Dette gjer at ein brenn reinare, såkalla pyrolyse, seier HMS- og kvalitetsleiar Dagny Ugulsvik Alvik i SIMAS.

Ein annan fordel som vi meiner er viktig er at biokólet har evne til å binda mykje vatn. Det er difor også eit klimatilpassingstiltak, legg ho til.

– Det kan kan binda vatn ved mykje nedbør, noko som gjer at det trengst mindre vatning i tørkeperiodar, seier Alvik.

Då sit ein att med eit produkt som held seg i bakken i fleire hundre år. Biokól gir god struktur i jorda og tiltrekkjer seg mineralpartiklar, vatn og ikke minst mikroorganismar som har ei viktig rolle i høve til å gjera dei essensielle elementa i jorda tilgjengeleg for opptak gjennom trerøtene.

Bidreg til mindre CO2-utslepp

Biokól bind karbon. Denne karbonfangsten gjer at karbonet vert liggjande og bidreg til betre næringsutveksling, betre for både jordsmonnet og kloden, i staden for at karbonet vert sendt opp i lufta og omgjort til CO2.

Plantekassane som er nytta, er ein ny idé i prosjektet som blei utvikla i eit tverrfagleg samarbeid.

Vanlegvis nyttar ein ferdig produserte plantekassar som ein set etter kvarandre. Her er plantekassane bygde i ein samanhengande mur av forskalingsblokker, med opningar mot det rotvennlege forsterkingslaget, slik at røtene får betre plass.

– Slik bidreg dette prosjektet i det grøne skiftet, seier landskapsarkitekt Gyril Fimreite i Statens vegvesen.

Dette er Statens vegvesen sine mål med prosjektet

Prosjektet Gravensteinsgata skal tilretteleggja betre for mjuke trafikantar. Vegen er utvida i breidda, slik at vi får etablert ny separat sykkelveg med fortau.

Bilane får like god plass i hovudgata som i dag. Den aktuelle strekninga vert per i dag trafikkert av om lag 9 500 køyretøy i døgnet. Ti prosent, eller 950 av desse, er tunge køyretøy.

Gravensteinsgata er den mest trafikkerte vegstrekninga i Sogndal. Lokale køyretøy utgjer mellom 60 og 80 prosent av trafikkmengda. Prosjektet skal vera ferdig i desember 2022. Hovudentreprenør er Stryn-firmaet Kveen AS, som leverte eit tilbod på 40 millionar pluss moms.

I tillegg til betre tilhøve for mjuke trafikantar, vil gata bli ei meir tidsmessig tilpassa sentrumsgate med låge lysmaster og ny armatur som gir jamnare belysning enn i dag. Der det ikkje er vegetasjon, blir det gatestein. Framføre Sogningen storsenter vert betongheller erstatta av granittheller. Her blir det også tilrettelagt med enkelttre og plantekassar, samt benkar og område for sykkelparkering.

Gyril Fimreite og arborist Erik Solfjeld fra Statens vegvesen ved anleggsområdet - foto
Landskapsarkitekt Gyril Fimreite og arborist Erik Solfjeld i Statens vegvesen ved anleggsområdet. Kompostjorda er lokalt produsert hjå Simas – Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestland