Rv. 5

Utgreiing

Val av alternativ

Reguleringsplan

Bygging blir førebudd

Byggefase

Opna

Illustrasjon: Statens vegvesen

Kvar?

Fylke:
Vestland

Kommunar:

Kinn

Kva?

Målet med forprosjektet er å avdekke korleis rv. 5 Markegata i Florø kan utbetrast til å oppnå krav til standard og plass til mjuke trafikantar.

Kvifor?

Rv. 5 gjennom Florø er ei gate som ber preg av manglande tilrettelegging i høve til området gata går gjennom. Det er behov for oppstramming av gata med betre tilpassing til sideareal og sidegater og å gi dei mjuke trafikantane areal som er tydeleg avgrensa frå biltrafikken.

Kart

Rv. 5 Markegata, gjennom Florø © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Framdrift

Statens vegvesen inviterer med dette til ope møte. Møtet vert i Flora samfunnshus tysdag 20. oktober kl. 1800.

Vi vil fortelje om vårt arbeid med forprosjekt for riksveg 5 gjennom byen.

Fakta og nøkkeltal

Lengde:
1300 meter
Finansiering:
Stat
Totalkostnad:
199-232 mill.kr. Kostnadane er innanfor nøyaktighet 40%. Det betyr at det er 40 % sannsynleg at anslått totalkostnad er faktisk kostnad. Alternativa frå samfunnshuset til Evja er anslått til skilnad på 33 mill.kr.

Meir om prosjektet

Krav til utforming gitt i vegnormalane skal følgjast samtidig som det må takast omsyn til kva konsekvensar stenging av gater vil få. Gatene skal tilpasse seg eksisterande situasjon der kvartalstrukturen er viktig for bybiletet og framkomst mellom gatene er viktig for funksjon i byen. Gatene skal utformast slik at den støttar opp under å gi byen eit meir heilskapleg inntrykk.

Forprosjekt for rv. 5 Markegata gjennom Florø sentrum greier ut om mulige tiltak, prinsipp og kostnader med å utbetre riksvegen. Som grunnlag for forslaga er områda gata går gjennom skildra. Krav til utforming for riksvegen med tilgrensande areal er lagt til grunn for løysingane.

Kontakt

Kontaktar

Lars Inge Jakobsen

Prosjektleiar
Telefon:
948 53 509
E-post:

Annbjørg Svendal

Planleggingsleiar
Telefon:
41 26 49 93
E-post: