Rv. 5 Nedre Eri - kryss Sjukehusvegen
Kvar?
- Fylke:
- Vestland
Kommunar:
Lærdal
Kva?
Utbetre krysset til Sjukehusvegen med venstresvingefelt og breiddeutvide vegen.
Kvifor?
Betra framkoma og trafikksikkerheita på strekninga.
Kart
Framdrift
Statens vegvesen skal i samarbeid med Lærdal kommune lage detaljreguleringsplan for nemnde prosjekt. Vi ber om innspel til arbeidet, frist 13.09.2024.
Målet med prosjektet er å betre trafikktryggleiken og framkoma på strekninga. Prosjektet planlegg for å utbetre krysset til Lærdal sjukehus og utvide eksisterande veg sørover til nedre Eri for å etablere forsterka midtoppmerking på strekninga. Forsterka midtoppmerking har synt seg å vere eit effektivt og rimeleg tiltak mot møteulykker.
Med dette varslar vi oppstart av planarbeid i samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8. Planen vert utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7.
Planområdet
Planområdet startar i utkanten av Lærdal sentrum og strekker seg vidare sørover riksveg 5 til nedre Eri der prosjektet overlappar tidlegare breiddeutvidingsprosjekt rv 5 nedre Eri - Håbakken. Planområdet er om lag 195 daa stort og omfattar eksisterande veg, jordbruksareal og elvekant langs Lærdalselva. Eksisterande vegbreidd varierer innanfor planområdet og er om lag 6,5 meter.
Lenke til kartskisse planområde og eksisterande eigedomsgrense: Plangrense oppstart 1_7000.pdf
Skildring av prosjektet
Prosjektet skal planlegge for etablering av venstresvingefelt for avkøyringa til Sjukehusvegen samt utbetring av kollektivhaldeplassane i området. Prosjektet planlegg for etablering av forsterka midtoppmerking og ei ny vegbreidd på 8,5 meter. Tiltaket vil difor medføre naudsynt langsgåande utviding av eksisterande veg med om lag 2 meter mot vest (fjellsida) over om lag 2 km, i tillegg kjem rekkverksrom og grøfter. Avkøyringstilhøva i området vil også bli vurderte.
Det er vurdert til at reguleringsplanarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i høve «Forskrift om konsekvensutredninger».
Innspel
Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller relevante opplysningar til oss skriftleg innan 13.09.2024.
Fakta og nøkkeltal
- Lengde:
- 2000 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Ikkje omtalt
Meir om prosjektet
Prosjektet sitt hovudmål er å betre trafikktryggleiken og framkoma på strekninga. Det skal planleggast for venstresvingefelt i avkøyringa til Sjukehusvegen og vegen vidare austover mot nedre Eri skal utvidast i breidda, slik at det kan etablerast forstreka midtoppmerking. Forsterka midtoppmerking har vist seg å vera eit effektivt og rimeleg tiltak mot møteulykker. Prosjektet vil også planlegge for utbetring av sideareal, kollektivpunkta og avkøyringstilhøve.
Det er vurdert til at reguleringsplanarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i høve Forskrift om konsekvensutredninger (Lovdata).