Rv. 9 Byklestøylane–Hartevatn
Utbetring av rv. 9 Setesdal, også kalla "Gul midtstripe til Hovden", har pågått i fleire år. Rv. 9 Byklestøylan-Hartevatn er ein del av dette prosjektet.
Det skal utarbeidast reguleringsplan for utbetring av riksveg 9 frå Byklestøylane til Hartevatn i Bykle kommune, ei strekning på om lag 16,4 km.
Aktuelt:
- Reguleringsplan for rv. 9 Byklestøylane-Hartevatn, høyring og offentleg ettersyn, meknadsfrist 20.5.2022.
Det skal utarbeidast reguleringsplan for utbetring av rv. 9 på strekninga Byklestøylane -Hartevatn i Bykle kommune. Strekninga utgjer om lag 16,4 km og omfattar i hovudsak utbetring av eksisterande veg. Nokre stadar vil vegen bli foreslått i ny trasé for å kome i møte geometriske krav til denne typen anlegg. Formålet med planarbeidet er primært å laga ein plan som gir betra trafikkavvikling, auka tryggleik og færre ulykker.
Det er eit mål at planen blir vedteken i løpet av vårparten 2022. Bygging vil skje etappevis på utvalde strekningar med mål om oppstart hausta 2022.
- Veg:
- Rv. 9
- Fase:
- Planfase
- Kommunar:
- Bykle
- Fylke:
- Agder
- Lengde:
- 16400 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2022–2033
- Oppstart:
- Hausten 2022