Rv. 9 Frøysnes
Kvar?
- Fylke:
- Agder
- Kommunar:
- Bygland
Kva?
Rv. 9 Frøysnes er ein del av prosjektet "Gul midtstripe til Hovden" som har pågått i fleire år. Dagens standard gjennom Frøysnes er dårleg, med varierande vegbreidde ned til under fem meter mellom kantstripane, ustabile vegkanter, manglande gul midtlinje og mykje kurvatur.
Kvifor?
Prosjektet skal auke trafikktryggleiken og framkoma gjennom Frøysnes.
Kart
Framdrift
Statens vegvesen varsla oppstart av detaljregulering av rv. 9 ved Frøysnes i Bygland kommune 31. oktober 2023. Merknadsfristen var 13.12.2023.
Plangrensa utvidast i sør med ca. 300 meter. Bakgrunn for dette er tilrettelegging for mjukt sideterreng og vurdering av rassikring ved «Staven».
Varsel om utviding av planområde vart lagt ut 25.06.2024 og fristen for å komma med merknader til planarbeidet var 05.07.2024.
Planar og dokument
Fakta og nøkkeltal
- Lengde:
- 2200 meter
- Finansiering:
- Stat
- Totalkostnad:
- Det er estimert en kostnadsramme på 88 mill. 2019-kr.
Meir om prosjektet
Dagens riksveg ved Frøysnes er dårleg med varierande vegbredde ned til under 5 meter mellom kantstripene. Vegen har ustabile kantar, manglande gul midtlinje og har mykje kurvatur. Det er trong for betre framkommeligheit og tryggleik.
For nokre år sidan blei det bygd fortau langs rv. 9 på ei strekning på i overkant av 400 meter gjennom delar av Frøysnesgrenda.
Planarbeidet som er i gang, skal sjå på mogelege løysinger for ein framtidsretta trase for rv. 9 gjennom grenda Frøysnes.
Arbeidet med ny reguleringsplan for rv. 9 ved Frøysnes starta etter at kommunestyre i Bygland kommune oppheva tidlegare vedtatt kommunedelplan i møtet 03.11.2021 (sak 71/2021).
Kontakt
Prosjektkontor
- Besøksadresse:
-
Kristiansand kontorsted Rigedalen 5, 4626 KRISTIANSAND S