Denne veka kom gjennomslaget for den siste av dei tre gang- og sykkeltunnelane.

På strekningen mellom Storavatnet og Drotningsvik er det sprengt ut til saman 443 meter med tunnelar for gåande og syklande. 

Bilde som viser gjennomslaget i tunnelen. Denne veka fekk prosjektet gjennomslag i Kipletunnelen. Tunnelen er ein av tre gang- og sykkeltunnelar i prosjektet, som alle er ferdig sprengd ut
Denne veka fekk prosjektet gjennomslag i Kipletunnelen. Tunnelen er ein av tre gang- og sykkeltunnelar i prosjektet, som alle er ferdig sprengd ut Foto: Sotra Link Construction

Dei tre gang- og sykkeltunnelane ligg alle på bergenssida, og arbeidet starta opp i år.  

  • Kipletunnelen – 167 meter. Arbeid starta i august, gjennomslag 18. november
  • Harafjelltunnelen – 213 meter. Arbeidet starta i januar, gjennomslag 27. juni
  • Janahaugtunnelen  – 63 meter. Arbeidet starta mars, gjennomslag 15. mai

Bertelsen & Garpestad har drive Harafjell og Kiple, medan Sartor Drange har drive Janahaugtunnelen. 

14 kilometer gang- og sykkelveg

 Totalt byggjer prosjektet 14 kilometer med samanhengande ny gang- og sykkelveg frå Storavatnet til Bildøy som blir ein del av hovudrutenettet for sykkel i Bergen vest. Gang- og sykkelvegen får fem meters breidde, der fortau og sykkelveg er skild med låg kantstein. Riksvegen skal opne for trafikk i 2027, medan gang- og sykkelvegen vert opna eitt år etter, i 2028. 

Frå Bildøy til Kolltveit vert gåande og syklande leda via Bildøybakken eller vidare i Kolltveitvegen.

– Blir spektakulært 

Prosjektsjef Lene Sælen Rivenes gler seg til å kunne levere eit flunkande nytt gang- og sykkelvegsystem til gåande og syklande om nokre år. 

– Det er ikkje kvardagskost at vi byggjer ut eit så stort og samanhengande system for gåande og syklande i parallelt med bygging av ny riksveg. Når vi opnar dette i 2028 vil det for første gong vere mogleg å gå eller sykle på ein trafikksikker måte mellom Sotra og Bergen. Spesielt spektakulært blir det over nye Sotrabru, der gang- og sykkelvegen kjem ut frå gang- og sykkeltunnelen i Janahaugen og rett ut på brua.

Aktuelt for fylke: Vestland