Som del av det nasjonale tunneloppgraderingsprosjektet skal dei tre tunnelane i løpet av det kommande året få ei ordentleg overhaling. Det skal mellom anna setjast opp ny vass- og frostsikring, nye naudstasjonar og betre lys. Røneidtunnelen skal i tillegg strossast: det skal sprengast og takast ut masse frå tunneltaket – hengen – slik at tunnelen kjem opp i ei høgd på minimum 4,2 meter.

– Det har vore eit problem at store og høge bilar må leggja seg inn mot midten av vegbana for å vera sikra på å ikkje ta oppi, fortel Sveinung Hovland, som er prosjektleiar for oppgradering av fylkesvegtunnelar i Sogn og Fjordane.

– Slik sentrisk køyring, kombinert med at tunnelen svingar, har ført til ein del farlege situasjonar.

Fv. 55 er eit viktig lokalt samband, både for pendlarar og som tilkomst til kommunesenteret Gaupne.  I gjennomsnitt passerer 2400 bilar gjennom Røneidtunnelen kvart døgn.

Arbeid både natt og dag

Tysdag denne veka startar arbeidet med å riva gammalt PE-skum i Råumtunnelen. All den gamle vass- og frostsikringa skal fjernast, før ny blir sett opp.

Før ferien blir det òg oppstart i dei andre tunnelane. Tidvis vil det bli arbeid i alle tunnelane samtidig. I Råumtunnelen og Ottatunnelen skal arbeidet gjerast på dagtid, mellom kl. 08:00 og 18:00, medan det etter kvart vil bli aktivitet om natta i Røneidtunnelen.

– Ved sprengingsarbeid må me stenga vegen i lenger tid, forklarar Hovland. Tunnelen må ryddast og sikrast før trafikken kan sleppast gjennom att.

Tryggleiken må komma fyrst

– Her på Vestlandet er me ikkje bortskjemde med omkøyringsvegar, so me må prøva å dela vegen. Folk må bu seg på at det kjem til å bli litt venting, det er dessverre ikkje til å unngå når ein skal arbeida på trafikkert veg, seier prosjektleiaren.

– Me skal gjera det me kan for å få god og tidleg informasjon ut til dei som skal ferdast i området.

Han understrekar at det er avgjerande for tryggleiken at folk fylgjer skilting og rettleiing frå trafikk­dirigentar, og oppfordrar alle til å visa omsyn både til andre trafikantar og til arbeidsfolk.

 

Kontaktperson:

Sveinung Hovland

Tlf. 97517080