I Utvik i Stryn har Storelva teke med seg to bruer på fv. 60, Storelva bru ved Utvik sentrum i retning Olden og Utvik Nedre på starten av oppstiginga mot Utvikfjellet. I tillegg er det store skader på vegane fleire stadar. Utvik er no utan vegsamband. Fv. 725 mellom Utvik og Moldreim og fv. 60 er stengde ved innkøyring til Utvik. Fv. 60 er dessutan stengd ved bommen på nordsida av Utvikfjellet.

E39 i Gloppen opna att

Tidlegare i dag var E39 Breimsvegen stengd fleire stadar ved Byrkjelo og Breimsvatnet.

- Vatnet har no gått litt tilbake, og me har opna E39 for trafikk att, fortel Eivind Yttri, fungerande avdelingsdirektør i Vegavdeling Sogn og Fjordane. Vegen er køyrbar, men har framleis skader fleire stadar. Ved Gullkista, på nordsida av Breimsvatnet har elva reist med deler av vegskuldra, og berre éi vegbane er open. Det er styrt trafikkavvikling på staden.

Truleg stengd fv. 60 i ei veke

På fylkesveg 60 må ein bu seg på stenging i minst ei veke. Her er det store materielle skader. Vegen er heilt skyld vekk fleire stadar, og i tillegg er to bruer tekne av vassmassane.

- Det er framleis for mykje vatn på staden til at me kan ta oss fram til området, opplyser Yttri. Utover dagen i dag er det meldt mindre nedbør, og so fort vatnet går ned vil me senda inn folk som kan vurdera skadeomfanget og moglegheitene for tiltak. Me vil ha betre oversikt over situasjonen, og tidsperspektivet på oppryddingsarbeidet, i morgon.

 

Kontaktperson Statens vegvesen:

Kai Jonny Bugjerde, rådgjevar, Vegseksjon Fjordane

Telefon: 971 53 082