Etter 14 månader og 180 000 arbeidstimar, er den 3 455 meter lange rassikringstunnelen for framtidig E39 forbi Hjartåberget ferdig utsprengt.

Gjennomslaget skjer 2 100 meter inne i tunnelen frå Hjartåelva.
Oppmøte ved Leonard Nilsen & Sønner AS sin tunnelrigg ved Hjartåelva kl. 1745. 

Tidlegare ordførar i Volda, Ragnhild Aarflot Kalland, fyrte av den første salva i Hjartåbergtunnelen 14. juli 2011. For å korte inn på byggetida har entreprenøren Leonard Nilsen & Sønner AS drevet tunnelen både frå Hjartåelva og frå Hunnes.

Etter gjennomslaget starter innreiingsarbeidet med blant anna drenering, tunnelportalar, vegbygging og vass- og frostsikring. Neste vår vil elektroentreprenøren starte montering av alt elektroteknisk utstyr. Førebels dato for trafikkopning er sett til 26. oktober 2013.

Hjartåbergtunnelen er ein del av det 8 kilometer lange prosjektet «Ny E39 Løvikneset-Årset», som i tillegg omfattar rehabilitering av den 230 meter lange Årsettunnelen, 4 000 meter vegutbetring og ein rasteplass med toalettbyggg ved Hjartåelva.

Årsettunnelen og ca. 3 000 meter ny utbetra veg vert teke i bruk når Kvivsvegen opnar 22. september 2012. Dei vidare vegarbeida ved Selvikberga og i kvar ende av Hjartåbergtunnelen vil framleis føre til trafikkhindringar, men desse vert gradvis mindre fram mot opninga av heile prosjektet.

Arbeidet i Hjartåbergtunnelen har gått som planlagt, og utan spesielle problem eller alvorlige arbeidsuhell undervegs. Eit ras i eksisterande fjellskjering i Selvikberga førte imidlertid til at det måtte iveksettast eit omfattande sikringsarbeid på strekninga. I ein seks vekers periode i sommar var vegen stengt slik at vi kunne utføre arbeida på ein trygg måte både av omsyn til trafikantane og arbeidarane. Fjellsikringa i Selvikberga er no snart fullført.

Fakta Hjartåbergtunnelen:

Hovudentreprenør:Leonard Nilsen & Sønner AS
Første salve:14. juli 2011
Lengd tunnel:3 455 meter
Tunnelbreidde:9,5 meter (T9,5-profil)
Utsprengt fjell:250 000 kubikkmeter faste masser,
eller 400 000 kubikkmeter omrekna til lause masser
Sikringsboltar:18 700 stk.
Sprøytebetong som fjellsikring: 9 500 kubikkmeter


Kontaktpersonar:
Prosjektleiar Oddbjørn Pladsen, telefon 906 92 429
Byggeleiar Svein Skeide, telefon 916 33 524