Statsminister Jens Stoltenberg skal stå for snorklyppinga, noko som vil setje ein ekstra spiss på dagen. Arrangementet vil gå føre seg ved nordre inngangen til Jondalstunnelen, og vert annonsert i lokalavisene.

Litt om prosjektet
Prosjektet omfattar Jondalstunnelen på vel 10 kilometer og tilførselsvegar på begge sider av tunnelen. Her inngår Torsnestunnelen på 580 meter, tre bruer og samlevegar.

I tillegg er den eksisterande Nordrepolltunnelen utvida og oppgradert.

Byggetid
3. november 2009 vart den første salva for sjølve Jondalstunnelen fyra av. Det var gjennomslag på dagen to år etter, og 7. september 2012 vert prosjektet opna for trafikk.

Bompengar og innkrevjing
Alle husstandar i Jondal vil få brosjyrar i postkassane om bompengar og innkrevjing i løpet av veke 33. Det vert dessutan lagt ut brosjyrar på servicestasjonane i Jondal, Odda og Kvinnherad og på kommunehusa.