– Dette gjeld alle formar for motorisert ferdsle, både motorsyklar, privatbilar og turistbussar, slår avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen fast.

Bakgrunnen for avgjersla er ei dramatisk hending i september i fjor.

Då rasa ein fire-fem meter høg mur ut i, og ein gravemaskin med førar fall 10-15 meter. Det er i ettertid avdekt fleire stadar med utsette murar som kan rasa ut dersom me set trafikk på.

Slik såg det ut då det rasa ut i Minesvingen i Stalheimskleiva i september 2020. Foto: Statens vegvesenSlik såg det ut då det rasa ut i Minesvingen i Stalheimskleiva i september 2020. Foto: Statens vegvesen

Arbeidet tek tid

Arbeidet framover vil ta tid. Stalheimskleiva er verna og ligg i eit verdsarvområde. Dette gjer at tiltak må planleggast og godkjennast av rette instansar.

Samstundes er Statens vegvesen opptekne av å utføra arbeidet på ein måte som sikrar tryggleiken for dei som skal jobba og ferdast i området.

- Stalheimskleiva er vårt på Den kinesiske mur, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen. Foto frå Statens vegvesen sitt arkiv- Stalheimskleiva er vårt på Den kinesiske mur, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen. Foto frå Statens vegvesen sitt arkiv

– Endå flottare enn me var klar over

– Arbeidet vårt har avdekt at Stalheimskleiva er eit enda flottare og enda meir fantastisk byggverk enn me har visst frå før, seier Finden.

Til no ukjende høge murar både i inner- og yttersvingar har kome til syne. Minekammer frå krigen har vorte grave fram. Unike smijernsrekkverk langs vegen vart på 1930-talet delvis støypt inn i betong, men bør få sin renessanse. Statens vegvesen samarbeider med vernemyndigheitene for å finna gode løysingar for det vidare arbeidet.

– Her må vi i fellesskap legga ein god plan for å ivareta og utvikle Kleiva. Stalheimskleiva er vårt svar på Den kinesiske mur. Å ivareta den autentiske verdien er viktig, seier Finden.

Det vil fortløpande verta vurdert om det kan leggjast til rette for annan type ferdsel i delar av kleiva.

– Men det er uansett viktig å understreka at dette er eit anleggsområde, som ein ikkje kan gå inn i utan godkjenning, seier Finden.

Minesvingen i tidlegare tider. Foto frå Statens vegvesen sitt arkivMinesvingen i tidlegare tider. Foto frå Statens vegvesen sitt arkiv